Feira fem år med Vardesenter

Måndag markerte Vardesenteret 5-årsdag med feiring av dei frivillige.

 
Tilsette og frivillige ønsker velkommen til eit festpynta Vardesenter

Tilsette og frivillige ønsker velkommen til eit festpynta Vardesenter.

-Utan dei frivillige hadde ikkje pasientar og pårørande blitt tatt imot på same måte på Vardesenteret, seier senterkoordinator Mirjam Østevold.

- Vi tilsette er ofte opptatte på ulike hald, men dei frivillige er alltid til stades med eit smil og tar godt vare på dei som kjem innom. Den frivillige innsatsen er sjølve hjartevarmen på Vardesenteret, understrekar ho.

Vardesenteret har over 100 aktive frivillige. Dei fleste av desse har hatt eiga erfaring som pasient eller pårørande på Haukeland, og ønsker å gi noko tilbake. Andre er pensjonert helsepersonell frå huset.

Randi Haatuft(t.v.) og Grete Hamre Augestad er begge frivillige på Vardesenteret.

Randi Haatuft(t.v.) og Grete Hamre Augestad er begge frivillige på Vardesenteret.

Grete Hamre Augestad tilhører den siste kategorien. Ho har jobba som sjukepleiar på KK sidan 1983 og blei pensjonist i februar i år. Då ønska ho å bidra på Vardesenteret.
- Eg har jobba med kreftpasientar, og synest det er spennande å treffe dei her, fortel ho.
- Her har eg betre tid til å snakke med dei, gi råd og rettleie dei litt.

Også Randi Haatuft har jobba i helsevesenet. Ho blei frivillig etter at mannen blei kreftoperert.

- Å vere frivillig er ei givande og takknemleg oppgåve, meiner dei to.
- Du føler du blir sett pris på, og pasientane gir mykje tilbake.

5-årsfeiringa vart ekstra hyggeleg då Sparebanken Vest og KnarvikMila / The Great Fjord Run kom for å overrekke 125 000 kroner s

5-årsfeiringa vart ekstra hyggeleg då Sparebanken Vest og KnarvikMila / The Great Fjord Run kom for å overrekke 125 000 kroner som dei samla inn til Vardesenteret tidlegare i haust

Dei frivillige har ulike oppgåver. Nokon besøker pasientane på post med ein vaffel og tid til ein prat. Andre bruker av erfaringa si som kreftramma til å vere ei støtte for andre som er sjuke, eller som er pårørande. Sist, men ikkje minst, er det ein flott gjeng som er vertskap på Vardesenteret, og sørgjer for kaffi og ein prat for dei som ønskjer det. Det kan vere innlagte pasientar som treng ein pause frå avdelinga, eller polikliniske pasientar og pårørande som kjem innom.

- Vi har også ein dyktig gjeng med juristar som kvar veke stiller opp for å hjelpe dei som har spørsmål om testamente, rettar i forhold til arbeid, eller har økonomiske utfordringar, fortel Østevold.

På festen var også mange av kreftkoordinatorane i Hordaland. Dei er til stades på Vardesenteret to gonger i veka.

- Kreftkoordinatorene knytter pasientene til kommunehelsetjenesten på en utrolig fin måte, sier Østevold.

- Det er et flott eksempel på samarbeid mellom spesialisthelsetjenesten og kommunene.