- Kvar veke har vi pasientar på Os, Øygarden, Askøy og Nordhordland, og vi har også hatt pasientar på Voss, fortel prosjektleiar for Avansert heimesjukehus, Helle Milde ved Barne- og ungdomsklinikken.
- Berre i april hadde vi om lag 150 heimebesøk. Mange pasienter får besøk dagleg, eller kvar veke over lengre tid.

Grillmat og god stemning utanfor Leketerapien på Marie Joys hus då Barne- og ungdomsklinikken feira eitt-årsdagen til Avansert heimesjukehus onsdag.
Fokus på det friske i barnet
Heimesjukehuset tilbyr behandling, pleie og oppfølging heime i staden for på sjukehus, så sant det er forsvarleg og praktisk mogleg. Tilbodet er frivillig, og gjeld barn i alderen 0-18 år som tilhøyrer Helse Bergen sitt opptaksområde. Opningstida er frå 07.00-22.00 alle dagar.
Her kan du lese meir om Avansert heimesjukehus
- Med avansert heimesjukehus får barn og unge behandling og oppfølging som normalt foregår i sjukehus, heime. Når vi tilbyr denne tenesta skal kvaliteten vere minst like god og forsvarleg som på sjukehuset, seier klinikkdirektør Ansgar Berg.
Han er glad for at Avansert heimesjukehus gir betre moglegheit til å oppretthalde ein normal kvardag for barn og familie.
-Vi har fokus på det friske i barnet, å bruke mindre tid på sjukdommen, seier Milde.
Pasientane i Avansert heimesjukehus kjem frå alle dei åtte seksjonane i Barne- og ungdomsklinikken, med ei overvekt av kreftpasientar og for tidleg fødde.

Administrerande direktør Eivind Hansen var full av lovord om Avansert heimesjukehus i si helsing til jubilanten.
Frå prosjekt til drift
Avansert heimesjukehus starta som eit prosjekt, og skal etter kvart implementerast i dagleg drift på Barne- og ungdomsklinikken.
- Vi opplever at pasientar og familiane er godt nøgde med tilbodet, fortel Milde.
- Vi får gode tilbakemeldingar.

Tre av dei dedikerte medarbeidarane i Avansert heimesjukehus.
I samarbeid med Høgskulen på Vestlandet vil Barne- og ungdomsklinikken forske på kvalitet og livskvalitet i tilbodet om AHS. BUK samarbeider også med Handelshøyskolen om forsking på bærekraft – økonomiske og samfunnsmessige perspektiv ved prosjektet.

Også dei som ikkje hadde anledning til å delta på feiringa utandørs, fekk ein smakebit av festen. Det var kake til heile klinikken.