Feira at alle med hepatitt C får behandling

Frå og med 1. februar får alle pasientar med kronisk hepatitt C tilbod om behandling. Torsdag var det feiring på Avdeling for rusmedisin sine LAR-poliklinikkar.

- Dette er ein stor dag for pasientane og har vore ei kampsak for pasientorganisasjonane lenge, fortel leiar av LAR Laksevåg, Vibeke Bråthen Buljovcic.

- Behandling av Hepatitt-C er eit viktig tiltak for å betre LAR-pasientane sin generelle helsetilstand. Mange pasienter fortel at det er ei stor psykisk belastning å vite at dei har ein ubehandla smittsam sjukdom.

Vibeke Bråthen Buljovcic og Jan Tore Daltveit skal jobbe med å kartlegge hepatitt C blant LAR-brukarane i Bergen. Dei reknar med
Vibeke Bråthen Buljovcic og Jan Tore Daltveit skal jobbe med å kartlegge hepatitt C blant LAR-brukarane i Bergen. Dei reknar med at rundt halvparten av dei 1100 pasientane som er i LAR er smitta.


Også Bergens Tidende skreiv om feiringa

Halvparten er smitta

I Bergen blir det antatt at halvparten av dei 1050 pasientane som får oppfølging med legemiddelassistert rehabilitering (LAR) har kronisk hepatitt C. I tillegg kjem pasientar i områda rundt Bergen.
For LAR-pasientar over 50 år er leversjukdommen ei like viktig dødsårsak som overdose, i tillegg til at hepatitt C forårsakar mange alvorlege helseplager.

Likevel vart det i ein norsk studie frå 2016 funne at berre 14 prosent av dei som mottar legemiddelassistert rehabilitering med kronisk hepatitt C hadde fått behandling for dette.

Krevjande behandling

Noko av årsaka er at behandlinga har vore krevjande å gjennomføre. Inntil for to-tre år sidan var det ein samanhengande behandlingsperiode på opp mot eitt år. Behandlinga gav hyppige og til dels alvorlege medikamentbiverknader.
Dei siste åra har utviklinga av nye legemiddel som kurerer hepatitt C-infeksjon i over 90 prosent av tilfella, radikalt endra utsiktene for dei med leverviruset.
- No inneber behandlinga for dei fleste berre ein tablett dagleg i 12 veker, og den gjev lite biverknader, fortel Buljovcic.

Håper tilbodet blir kjent

I LAR-poliklinikkane har dei sidan i sommar utgreidd og kartlagt pasientar. Alle LAR-pasientar vil få tilbod om utgreiing og kartlegging av helsetilstanden sin gjennom LAR-helseundersøking.
-Vi har eit tett samarbeid med infeksjonsmedisinsk avdeling for behandling av Hepatitt-C. Fleire pasientar har allereie gjennomført behandling som følgje av denne utgreiinga, seier Buljovcic.
-No ønskjer vi at tilbodet om denne nye behandlinga blir kjent for alle, og oppfordrar dei som ein gong kan ha vore utsett for mogleg hepatitt-C smitte om å ta kontakt med fastlegen sin for å bli testa og tilvist til eventuell behandling.