Helsenorge

Fann tre omikron blant 30 positive testar

Mikrobiologisk avdeling på Haukeland har funne tre omikrontilfelle blant dei 30 prøvane som blei reanalysert etter feilen som blei oppdaga laurdag, då to analysebrett med prøvar sendt frå Bergen legevakt var blitt bytta om.

Ved den nye analysen blei det funne at 30 prøvar som vart besvart som koronapositive eigentleg var negative for korona, og at 30 prøvar som vart besvart som negative eigentleg var positive for korona. Det er blant desse 30 positive det altså er funne tre positive omikron-prøvar.
 
For meir informasjon, kontakt Kommunikasjonsavdelinga på 55 97 6000, eller info@helse-bergen.no