Ester er årets verneombod

Ester Geitrheim er kåra til årets verneombod av Unio. Prisen får ho for si innsats som hovudverneombod for avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk gjennom ei årrekkje.

​Lunsjrommet er dekka med frukt og kringle, og smilande kollegaer er samla for å gratulere. Også administrerande direktør Eivind Hansen vil vera med på feiringa.

eivind og ester.foto

- Det gler meg stort at du med denne prisen har blitt løfta fram som rollemodell for vernetenesta, seier administerande direktør Eivind Hansen til stråleterapeut Ester Geitrheim.

- Gratulerer som Noregs flottaste verneombod, Ester! I dag er vi stolte. Vernetenesta er viktig, og du jobbar på ein måte som verkar. Du er konstruktiv, og du er proaktiv. Du kjem med forslag vi handlar på. Du inviterer oss inn, og har bidrege til å fortelje om krevjande dagar på ein måte som rører ved oss. Det gler meg stort at du med denne prisen har blitt løfta fram som rollemodell for vernetenesta, seier Hansen.

Deler prisen

Det er ein stolt, rørt og veldig glad stråleterapeut som no har motteke pris for sin innsats. Og den vil ho raust dele med andre.

- Eg vil takke alle mine gode kollegaer. Det er dei rundt meg som gjer at dette kan gå. Kvar gong eg er borte må dei fylla opp for meg. Det er ei utruleg viktig føresetnad for at vi skal kunne ha ei god verneombodsteneste.

Ester er også opptatt av at det er tilrettelagt for å ha ei god vermeombodsteneste i føretaket.

- I Helse Vest er ein oppteken av å ha ei god verneombodsteneste, og det vert prioritert. Utan denne strukturen og satsinga vi har på tenesta hadde det ikkje blitt ein slik pris.

Prisen vart delt ut for tredje gang i år. Her er grunngjevinga frå juryen:

Ester Geitrheim har vært et engasjert og kunnskapsrikt verneombud i mer enn et tiår, og har vært hovedverneombud de siste seks årene. Hun er meget bevisst sin rolle som hovedverneombud, og legger betydelig arbeid i rollen. Hun er initiativrik både når det gjelder å ta opp både mindre og større saker. Hun opptrer tydelig, men samtidig ydmykt og reflektert, og snakker lett med alle. Som hovedverneombud møter hun alle med respekt, og er respektert både innad og utad. Hun er alltid godt forberedt, ser etter løsninger og fremmer forslag i de rette fora, og har på denne måten fått innført endringer som har vært til det bedre for både ansatte og pasienter.
Les meir og sjå bilete frå prisutdelinga på Unio sine nettsider