HELSENORGE

Erik Vigander er ny kommunikasjonsdirektør

Erik Vigander (48) er tilsett som ny kommunikasjonsdirektør i Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus. Han kjem frå stillinga som pressesjef i Kreftforeningen.

Erik Vigander er frå 1. oktober 2017 ny kommunikasjonsdirektør på Haukeland. Foto: Øyvind Bjørkum, Kreftforeningen

​Administrerande direktør, Eivind Hansen, er veldig glad for å få Vigander på plass som ny kommunikasjonsdirektør.

- Vi har hatt ein grundig prosess, og er heilt sikre på at vi får inn ein god mann. Vigander har brei erfaring frå journalistikk og kommunikasjonsfeltet, han kjenner helseområdet godt og så har han solide leiareigenskapar – som også er veldig viktig, seier Hansen. 

Heim til draumejobben

Etter 25 år på Austlandet synest Vigander at det skal bli godt å komme «hem igjen te Bergen». Han er heller ikkje framand på sjukehuset.

- Min første ordentlege jobb var helgevakt som portør på Haukeland, så det er godt å vere tilbake. Det eg har fått no er verkeleg draumejobben. Eg er stolt og glad, og går audmjuk til oppgåva. Det blir utruleg spennande og utfordrande å få lov til å bidra inn i dette kompetente fagmiljøet, seier han.

Pasientens helseteneste

- Å jobbe innan helse er både givande og meiningsfylt , og etter fire år som pressesjef i landets største brukar - interesseorganisasjon,  gler eg meg til å jobbe enda breiare og i større skala for å skape pasientens helseteneste.  God kommunikasjon i alle ledd og å ta i bruk nye kanalar og ny teknologi er ein nøkkel til kvalitet, forbetring og meir effektive tenester. Eg har sjølv vore kreftpasient og veit kor viktig det er å føle seg trygg, seier Vigander.

Den nye kommunikasjonsdirektøren tiltrer i stillinga 1. oktober.

Bakgrunn

• Oppvokst på Skjold, gikk på Fana gymnas.
• Gift med Siv Heldal, fire barn fra tidligere ekteskap. To bonusbarn.
• Pressesjef i Kreftforeningen, Seksjonssjef forebygging i Kreftforeningen, journalist, politisk redaktør og nyhetsredaktør i Budstikka, journalist BT og VG.
• Utdanning: cand. mag fra UiB (medievitskap, adm./org.vitskap og nordisk språk/litt).