Er vaksinen mot Covid-19 trygg?

Kristin Greve-Isdahl Mohn, overlege ved infeksjonsseksjonen på Haukeland universitetssjukehus, svarar her på nokre viktige spørsmål:

Portrett av Kristin Greve-Isdahl Mohn
Overlege Kristin Greve-Isdahl Mohn                                                                                                                      Foto: Katrine Sunde

Korleis kan vi stole på at vaksinen er trygg?

Vaksineutvikling følgjer bestemte steg, og det er strenge kriterier for kva som skal til for at vaksiner godkjennes til bruk på mennesker. Stega i utviklinga av Covid-vaksinen er følgt som vanleg, men har forløpt parallelt. Krava er like strenge som til andre vaksiner. Vaksinen er testa ut i fleire steg hos mennesker, først med tanke på tryggleik, deretter dosebestemming og til slutt vurdering av effekt mot viruset. Omkring 40.000 menneske har fått kvar av vaksinane, og det er ikkje funne alvorlege biverknadar. Hovedårsaka til at det er satt verdsrekord i vaksineutvikling er at dette har fått høyest prioritet verda over, det globale samarbeidet, og at ressurstilgangen har vore nærmast ubegrensa.

Før Covid-19-vaksinen var det vaksinen mot kusma, laga på 60-talet, som hadde verdsrekord. 4 år tok det frå dei hadde virusprøven til godkjend vaksine.
Dei lærdommane verda no har gjort mht vaksineutvikling, med nye plattformar, samarbeid og kontinuerleg gjennomgang av data for å spare tid, har nok endra vaksineutvikling til det betre for alltid.

Kva biverknadar har vaksinen?

Forbigåande ømheit på innstikksstaden, feber, vondt i hovudet og muskelsmerter er rapporterte biverknader. Du kan lese meir om dette på FHI sine sider om vaksinen.

Kva har vi lært av vaksineringen under svineinfluensaen?

Vi har visst, og også erfart, at sjeldne biverknadar ikkje er mogleg å oppdage før millionar av dosar er gitt. For svineinfluensa var det stor sjukdomsbyrde blant dei unge, medan dette synes ikkje å gjelde for Covid-19. Difor er Pfizer-vaksinen ikkje anbefalt til friske under 18 år. 

Forstår du at nokon er skeptisk?

Nye medisinar og vaksinar blir oftast møtt med ein kombinasjon av glede og skepsis. Sunn skepsis er bra, og det er difor vaksinar må gjennom nøye testing, og resultater fra studiane blir sett gjennom av uavhengige ekspertar. Virknadene av ein vaksine må dokumenterast å vere trygg og effektiv før den godkjennes i Europa og Noreg. Dersom den godkjennes av EU, skal vi kunne føle oss trygge, slik at skepsisen ikkje treng å ta overhand. Reint teknisk var vaksinen ferdig i vår. Mange har dødd av Covid-19 i den tida testinga har blitt utført, og slik sett har testinga kosta dyrt. Men slik må det nok vere for at vi skal føle oss trygge. 

Kva nytte vil vaksinen ha for den enkelte?

Den skal beskytte mot alvorleg sjukdom og død som følgje av Covid-19. Det er enda ikkje sikkert om vaksinane også vil kunne påverke smittsomheit, men dette vil det komme data på framover.

Kva nytte vil den ha for samfunnet?

Dersom risikogruppane blir beskytta, dvs. dei som står i størst fare for å døy eller bli alvorleg sjuk av Covid-19, vil belastninga på sjukehusene minke. Då vil ein gradvis kunne oppheve restriksjonane i samfunnet og vi vil alle kunne leve meir som før. 

Kven bør vaksinere seg?

Dei med risiko for alvorleg sjukdom, dvs. dei eldre og andre med bakenforliggande tilstandar, deretter helsepersonell og personar i samfunnskritiske funksjonar, deretter flest mogleg vaksne, slik at samfunnet kan opne opp igjen. AstraZeneca anbefales ikkje til personar over 64 år.

Kven bør ikkje vaksinere seg?

Friske under 18 år. For dei som har hatt alvorlege allergiske reaksjonar bør vaksinasjon eventelt gjerast med beredskap for dette. 
Dette gjeld for den første vaksinen. Det er mogleg det kjem andre råd for dei neste vaksinane.