Er du usikker på noko? Berre spør!

Gode råd til pasientar og pårørande

Hender det at du gløymer kva spørsmål du vil stille? Synest du det er vanskeleg å huske alt som blir sagt av helsepersonell på sjukehuset?

Helsepersonell i samtale med pasient. Foto
Om du ikkje forstår alt, så spør oss gjerne.

​Slik kan du førebue deg

  • Notér ned viktige spørsmål og informasjon du får. Tenk gjennom og skriv gjerne ned det som er viktig for deg å få svar på når du kjem til sjukehuset. Ikkje ver redd for å stille spørsmål om det er noko du ikkje forstår.
  • Ta med ein pårørande eller ein venn om du har behov for det. Pårørande kan hjelpe til med å stille spørsmål og gi informasjon slik at de saman med legen kan treffe ei avgjerd om behandling som er riktig for deg.
  • Om du skal til behandling, er det viktig å informere om eigen sjukehistorie. Det vil seie tidlegare sjukdommar, operasjonar, allergiar og om du tar medisinar. Det er ikkje alltid at dei du møter på sjukehuset har tilgang til all medisinsk informasjon om deg.
  • Kjenn til neste steg i behandlinga og kven som er ansvarleg. Be gjerne om namn og telefonnummer.
  • Be om utskrift av tilvisingar, prøvesvar, journalen og epikrisen - som er ein rapport frå opphaldet på sjukehuset samt oppdatert liste over medisinane dine. Og hugs at du også kan sjå utvalde journalnotat når du loggar deg inn på helsenorge.no.
  • Ha med deg ein oppdatert liste over medisinane du bruker. Legar og sjukehus har ikkje ei felles oversikt over medisinane dine. Ei oppdatert liste gir tryggleik både for deg og for dei som behandlar deg.

Om du ikkje har forstått alt, spør!

Last ned brosjyren "Bare spør!"

"Bare spør!" er ei lita handbok for pasientar og pårørande som kan hjelpe deg med å stille riktige spørsmål og lettare få viktig informasjon i ditt møte med helsetenesta.

Her får du tips som vil gjere deg betre i stand til å medverke i eigen behandling og redusere risiko for feil og misforståingar.

Om du lurer på noko om sjukdommen din eller diagnose, sjekk også informasjon om behandlingar på nettsida til Haukeland universitetssjukehus og helsenorge.no.

Les meir om kampanjen "Bare spør!" på helsenorge.no