Er du overvektig og lite aktiv?

Om du er mellom 20 og 55 år, bur i Bergen og omland og har BMI på over 27 er du ønska som deltakar i neste fiskeproteinstudie.

 

Formålet med studien er å undersøke om fiskeprotein har gunstig effekt på helsa til overvektige vaksne som er lite fysisk aktive.
Forrige studie var det aktive vaksne som vart undersøkt.

- Denne gongen ønsker vi oss overvektige som ikkje driv med trening utover ein spasertur i ny og ne, fortel doktorgradsstipendiat Iselin Vildmyren.

Gunstige helseeffektar

Inntak av fisk blir assosiert med gunstige helseeffektar, særleg med tanke på førebygging av livsstilssjukdommar. Desse helseeffektane har  tradisjonelt vore tillagt omega-3 feittsyrene i fisk, mens nyare studiar viser at inntak av isolerte fiskeprotein i menneske og  dyr har gunstige effektar på feitt i blodet og regulering av blodsukkeret.

Lite er foreløpig kjent om helseeffektar av fiskeprotein i aktive og inaktive vaksne. Resultata frå den forrige studien er venta å vere klare til våren.


Kan lære mykje om eigen kropp

Deltakarane skal ta kapslar med fiskeprotein eller kontrollprotein kvar dag i 8 veker, og må møte til 4 undersøkingar for veging og blodprøvar.

- Vi skal sjå på feittstoffskiftet, proteinopptaket, blodsukkerregulering og mykje anna, og alle deltakarane  som ønskjer det får innsyn i alt vi måler, fortel Vildmyren.

- For deltakarane er dette ei fin moglegheit til å lære mykje om eigen kropp, og for oss ein viktig studie for å sjå om fiskeprotein kan ha gunstig effekt på helsa til overvektige vaksne.

Studien startar i midten av januar, og innrullerer deltakarar heilt til midten av mars. I alt treng studien 80 deltakarar.

For meir informasjon sjå "Fiskeproteinstudiene" på Facebook.

Ønsker du å delta i studien, eller har du spørsmål? 
Send e-post til: protein@k2.uib.no (oppgi namn, telefonnummer og alder)


Inklusjonskriterium for studie med overvekt/fedme

• Deltakarar i studien må bu i Bergen og omland, vere mellom 20 og 55 år, med BMI over 27 kg/m2.

• Deltakarane må vere friske, det vil seie fråver av hjarte-karsjukdom,  inflammasjon i ledd, diabetes eller tarmsjukdom.

• Dei må ikke ta medisinar som påverkar  kolesterol, blodsukker, inflammasjon eller stoffskiftet.

• Deltakarane må ha hatt ei stabil vekt dei siste 3 månader og ikkje gå på diett.

• Alle deltakarar blir bedne om å slutte på eventuelle kosttilskot og ha eit lågt inntak av fisk i heile studieperioden.