Blant anna skal gangbrua over Haukelandsveien fjernast. Dette skjer natt til onsdag 25. september.
For dei aller fleste som skal til dei ulike avdelingane på Haukeland vil det være lurt å vurdere å bruke haldeplassen sør for Sentralblokka.
Dette er endringane:
• Dei som kjem gåande eller syklande i Haukelandstunnelen (gangtunnelen) i retning nord må ta ei ekstra sløyfe opp igjen mot sjukehuset og så ned på andre sida av vegen, ved blomsterkiosken for å komme videre nordover retning sentrum.
• Fortauet langs Haukelandsbakken 2 (den røde sveitservillaen) vil bli stengt.
• Skal du til Sentralblokka og går av på busshaldeplassen Ulriksdal, er det anbefalt å gå på fortauet forbi Rema 1000 og blomsterbutikken og så følge blå sti opp til sjukehuset.
• Skal du til Barne og ungdomssjukehuset/Glasblokkene er det best å gå av på haldeplassen Haukeland sør og så gå via tunnelane under Sentralblokka.
Når gangbrua blir fjerna vil det bli trafikkdirigering i området. Brua skal tilbake på samme plass når byggearbeida er ferdige.
Sjå skisse:
