Eivind Hansen om føretaksstraff

Pressemelding frå Haukeland universitetssjukehus, Helse Bergen: Administrerande direktør Eivind Hansen om føretaksstraffa

​- Først av alt vil vi igjen beklage det triste utfallet denne saka fekk. Det er ei tragisk hending som ikkje skulle ha skjedd, og vi gjer alt vi kan for at det ikkje skal skje igjen. Det skal vere trygt å vere pasient på Haukeland,  seier administrerande direktør ved  Haukeland universitetssjukehus, Eivind Hansen.

– Vi tar avgjerda på største alvor og er innstilt på å vedta førelegget.

– Vi har hatt svakheiter i system og rutinar som dessverre fekk alvorlige konsekvensar for pasienten og dei pårørande. Vi har gjort mange tiltak på Akuttmottaket etter hendinga, blant anna  har vi auka lege- og sjukepleiarbemanninga, tydeleggjort ansvar og forbetra rutinene våre. Fylkeslegen har fulgt arbeidet og gitt oss  tilbakemeldingar om at vi jobbar riktig. Vi arbeider heile tida med å forbetre oss, og skal levere ein ny rapport til Fylkeslegen i januar, seier Hansen.