Eit meir familievennleg barselopphald på KK

Frå no vil alle barselkvinner på KK sjølv få bestemme kor mykje partnar skal få vere til stades på sjukehuset i lag med ho og barnet. Før har det berre vore familiar på einerom som har hatt denne moglegheita.

– Vi tek på alvor at dette er ei av dei tydelegaste tilbakemeldingane brukarane våre har gitt oss på korleis vi kan bli betre. Brukarane meiner det kan vere avgjerande at partnar får vere i lag med mor og den nyfødde fram til de reiser heim frå sjukehuset, og vi som jobbar her er einige, fortel prosjektleiar og jordmor, Martha Vadset.

Over fleire år har barselomsorga på KK blitt dårleg rangert av brukarane våre, blant anna fordi partnar kun har fått vere på besøk i klinikkens visittid.

– Dei strenge besøksreglane har vore tett knytt opp til romfasilitetane våre. Vi held til i eit nesten 100 år gammalt bygg med 30 plassar i fleirsengsrom og 15 plassar i familierom (einerom) til bruk i barseltida. Av omsyn til dei du deler rom med på fleirsengsrom, blei det bestemt at besøkstid for far og søsken var den mest smidige løysinga. Men no er tida inne for å teste at partnar får vere der likevel, seier Vadset.

Ho legg ikkje skjul på at dei tilsette er spente på korleis brukarane tek i mot det nye tilbodet.

– Å gi god barselomsorg på fleirsengsrom kan vere ei utfordring, men vi  skal få det bra til. I land som Danmark og England har dei lang erfaring med familievennleg barselomsorg på fleirsengsrom, og vi må gjere det vi kan for å lykkes hos oss og. Det blir viktig med fortløpande evaluering og eventuelt justering etter nye innspel frå dei som nyttar tilbodet og oss som jobbar her.

I 2023 flyttar Kvinneklinikken inn i nye lokalar i Glasblokkane. Der byggast berre einerom.

– Vi gler oss stort til det, men det er for lenge å vente på å prøve ut tilbod som så mange ønskjer. 

Les meir