Eit felles løft for all psykosebehandling

- Eit medikamentfritt behandlingstilbod gjer alliansen mellom behandlar og brukar endå viktigare, seier Randi-Luise Møgster, klinikkdirektør ved Kronstad DPS.

Gruppebilde fra psykosekonferansen i Bergen. Foto
 

- Vi vektlegg samval og recovery, og det fordrar at det ligg ein god relasjon i botn, understrekar ho.
- Då torer pasientane å seie frå når noko er vanskeleg, på eit tidlegare tidspunkt.

Eit godt liv

Portrett Randi-Luise Møgster. Foto
Randi-Luise Møgster er klinikkdirektør ved Kronstad DPS.
Randi-Luise Møgster var ein av foredragshaldarane under konferansen «Psykosebehandling – med og utan medisiner» i Bergen sist veke. Dette var startskotet for implementeringa av medikamentfrie behandlingsforløp i Helse Bergen, eit treårig pilotprosjekt for å utvikle og få erfaring med slike forløp, før behandlingstilbodet eventuelt blir utvida til heile Helse Vest.
- Vi ønskjer å gjere det mogleg å leve eit godt liv med ei psykoseliding - enten med eller utan medisinar, fortel prosjektleiar Leif Arvid Øvernes.

 

Tilbod til alle

Eit medikamentfritt behandlingsforløp er eit aktivt, recovery-basert tilbod for menneske med psykoselidingar. Behandlinga blir tilpassa den enkelte brukar, og inneheld ein kombinasjon av fleire kunnskapsbaserte metodar. Behandlinga er fleksibel, og tillèt at brukaren kan nytte antipsykotika i låge dosar i akutte fasar.
- For nokon vil det ikkje vere aktuelt med eit medikamentfritt forløp i ein startfase, forklarer Møgster.
- Men målet er at det skal vere eit tilbod til alle menneske med ei psykoseliding, som kan gå i dialog med ein behandlar, uavhengig av om dei er nydiagnostiserte eller i ei langvarig behandling. Og uavhengig av kor dei får behandling.

Nettopp derfor er ho så glad for at psykosekonferansen samla nærare 300 lokale fagfolk og leiarar som interesserer seg for psykosebehandling.

Undervegs i konferanseprogrammet var det lagt opp til gruppediskusjonar. 

Gruppebilde fra konferanse. Foto
Rundt 300 fagpersonar og andre var samla for å diskutere medikamentfritt behandlingstilbod for menneske med psykoselidingar.

 

- Her er for første gong deltakarar frå seks ulike DPS samla, og frå ei rekke kommunar og samarbeidspartnarar, seier Møgster.
- Ein flott, tverrfagleg gjeng, og eit godt grunnlag for at pasientane skal få det same tilbodet å ta stilling til.

Eit spørsmål om tillit

Portrett Anne Blindheim. Foto
Anne Blindheim snakka om eigne erfaringar på konferansen.
Anne Blindheim er tilsett som erfaringskonsulent og medforskar i prosjektet. Ho har sjølv vore gjennom eit medikamentfritt behandlingsforløp, og fortalde om erfaringane sine under konferansen sist veke.

 

- Eg veit at det er mogleg, understrekar ho. Samtidig legg ho ikkje skjul på at det vil vere utfordringar undervegs.
- Dette handlar mykje om tillit. Behandlar og brukar må lytte til kvarandre sine erfaringar.

Om ein får til denne relasjonen, trur ho mange vil kunne fullføre eit medikamentfritt forløp.
- Sjølv har eg blitt mindre fiendtleg innstilt til å bruke medisinar, fortel ho.
- Eg har blitt tryggare på å gi beskjed når eg treng hjelp, i forvissing om at eg vil kunne gå av medisinane igjen når eg føler meg betre.

Ho håper pilotprosjektet vil bidra til å gjere brukarane tryggare på at dei finn ei løysing som fungerer, saman med behandlaren sin. Det håper Randi-Luise Møgster også.

- Dette handlar også om kultur og haldningar, som er både det enklaste og det vanskelegaste, seier ho.

- Med god relasjon, god fagleg og etisk vurdering  - har eg  tru på at vi etter kvart skal få til fleire medikamentfrie behandlingsforløp for pasientar med ei psykoseliding.