Ein tilsett på Voss sjukehus smitta

Ein tilsett på Voss sjukehus har testa positivt for covid19. Førebels er 6 andre tilsette satt i karantene. Smittevegen er ukjend og smittesporing pågår. 

Pasientar som har vore i kontakt med den positive tilsette blir fulgt opp direkte.

-  Dette går førebels ikkje utover drifta på sjukehuset, seier klinikkdirektør på Voss sjukehus Olav Lødemel.

Det er onsdag morgon fire pasientar innlagd på Voss sjukehus med korona.
 
Kontaktperson: 
Olav Lødemel, 920 90 310