Ein halvliter som reddar liv

Det var fullt hus og god stemning på Blodbanken då den internasjonale blodgjevardagen vart markert i dag.

Både ungdommar og veteranar gav av seg sjølve på oppmoding frå sjukehuset.

Blodbanken ved Haukeland universitetssjukehus kallar inn gjevarar etter  kor stor behaldning det er av blod til ei kvar tid.

I dag var lagera låge.

- Blod kan ikkje framstillast kunstig, det må delast. Gjevarane gjer ein veldig viktig jobb for å redde pasientar, seier Anne Sellevoll som er driftsleiar og sjefingeniør ved Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin.

Nokre gonger kan ein enkelt pasient trenge så mykje som 150 einingar. Det utgjer omlag 50-60 liter blod.

Sellevoll fortel at det er svært vanskeleg å vite kor mykje blod det er behov for, og at dei kvar morgon må gjere opp status på behaldninga.

- Vi treng stadig nye blodgjevarar. Vi har rundt 10 000, men ønskjer å auke til 12 500. Røde kors gjer ein god innsats for å verve nye gjevarar.

For å markere den internasjonale blodgjevardagen var Røde Kors også på plass i Blodbanken i dag, og dei delte ut både kake og blomar til dei frammøtte.

Driftsleiar Anne Sellevoll saman med Trond Lilletvedt frå Hordaland Røde Kors.

Driftsleiar Anne Sellevoll saman med Trond Lilletvedt frå Hordaland Røde Kors.

Ove Vidar Jacobsen er ein av veteranane her. I dag gav han blod for 161. gong. Han var 18 år då han i 1965 gav blod for første gong.

- Då samla dei blodet på glasflasker, mimrar han.

Jacobsen fortel at han har ein blodtype som kan brukast når små babyar må skifte blod.

- Målet mitt er å redde liv, seier han.

Veteran Ove Vidar Jacobsen gir blod for 161. gong.

Veteran Ove Vidar Jacobsen gir blod for 161. gong.

Også Jørgen Osaland er for veteran å rekne. Han har vore fast gjevar i 30 år, med unntak av nokre opphald. Han er godt kjend med dei som jobbar her, og pratar i veg med spesialsjukepleiar Liv Fyllingen Malkenes.

- Eg har jobba her i 20 år. Det er veldig variert. Det er ikkje dei same blodgjevarane som kjem kvar dag, då hadde eg blitt lei, spøkar Malkenes. Det gir Osaland ein solid latter.

Det er ikkje noko gale med stemninga når Jørgen Osaland gjer blod. Her med spesialsjukepleiar Liv Fyllingen Malkenes.

Det er ikkje noko gale med stemninga når Jørgen Osaland gjer blod. Her med spesialsjukepleiar Liv Fyllingen Malkenes.

Blodet som blir tappa blir mellom anna brukt til brannskadde, kompliserte fødslar, ved ulike operasjonar og som ein viktig del av kreftbehandlinga ved sjukehuset.

Det er behov for fleire blodgjevarar, spesielt ved akutte beredskapssituasjonar. Dersom meir en 10 personar skulle bli alvorleg skadde i ei ulukke på same tid, på toppen av det ordinære behovet for blod, vert det problem med å skaffe nok.

Om sommaren trengst det også meir, då mange av gjevarane er bortreist samtidig som det, mellom anna, er ein auke i trafikkulykker.

Slik sit ein i 5-10 minutt mens blodet strøymer for ei god sak.

Slik sit ein i 5-10 minutt mens blodet strøymer for ei god sak.

Jørgen Osaland blir 4,5 desiliter blod fattigare medan han sit i stolen. Då må det fyllast på hans behaldning.

- Eg har fått god rutine på det. Eg tar med meg nokre flasker med drikke når eg går. Så drikk eg ei i kvarteret i tida etterpå. Då kjem eg meg ganske fort.

Jørgen Osaland må fylle på med væske etter innsatsen.

Jørgen Osaland må fylle på med væske etter innsatsen.

- Vi ønskjer å takke gjevarane og vise at vi set pris på alle som tek seg tid til å redde liv, seier Merete Benestad frå Røde Kors. Ho delar ut blomar til dei som forlèt Blodbanken.

- Vi opplever at folk vi snakkar med er positive til å bli blodgjevarar, men nokon gløymer det litt, trur Benestad.

Ønskjer du å melde deg som blodgjevar kan du gjere det på GiBlod.no

Jørgen Osaland får ein blom frå Merete Benestad i Røde Kors

Jørgen Osaland får ein blom frå Merete Benestad i Røde Kors

- Eg visste det var blodgjevardagen i dag. Eg må jo følge med eg som er veteran, seier Ove Vidar Jacobsen til Merete Benestad i

- Eg visste det var blodgjevardagen i dag. Eg må jo følge med eg som er veteran, seier Ove Vidar Jacobsen til Merete Benestad i Røde Kors.