Eigen Koronapost del av AFR sin pandemistrategi

I forbindelse med koronavirus-epidemien vil det bli nokre endringar i tilbodet til Avdeling for rusmedisin sine pasientar framover.

-Vi gjer nokre endringar og rokeringar for å kunne opprette ei eiga eining for koronapasientar med rusproblematikk. Vi vil unngå å smitte sårbare pasientar, fortel avdelingsdirektør Else-Marie Løberg.

Opprettar eigen post

Den nye, førebelse posten vil ha ein del senger avhengig av kor mange som er smitta, og posten vil bli bemanna med personale frå andre einingar i avdelinga. Desse vil få særskilt opplæring i behandling av pasientar med koronasmitte.

Ifølgje Løberg er det ei utfordring at avdelinga om litt risikerer å ha lite helsepersonell på plass. Avdelinga har allereie fleire tilsette i karantene, og riggar seg no for å kunne gi eit tilbod til dei som treng det mest - også pasientar med korona. I tillegg kan det bli eit auka behov for akutthjelp no som enkelte kommunale dagtilbod blir midlertidig stengt.


Vurderer fleire tiltak

- Vi vil kunne vurdere å skrive ut inneliggande pasientar som ikkje treng akutt hjelp. Utskrivingar er framleis basert på individuelle vurderingar og fagleg forsvarlegheit, og dei aktuelle pasientane vil få vidare oppfølging ambulant eller poliklinisk som før, understrekar Løberg.

For menneske med behov for LAR-medisinar, også dei med tidlegare henteordningar på apotek; vil ambulante henteordningar brukast i større grad for å unngå opphopningar på LAR-poliklinikkane.

- Vi vil også vurdere å flytte pasientar mellom einingar i avdelinga, og vi må vurdere å utsette planlagde innleggingar av pasientar som ikkje er i behov av akutt hjelp. Poliklinisk aktivitet vil no hovudsakleg vil bli gjennomført via Skype eller telefon, men igjen basert på individuelle vurderingar og forsvarlighetsvurdering.


Endringane i Avdeling for rusmedisin er i tråd med endringane i resten av sjukehuset.

Pasientar dette gjeld, vil bli kontakta

Avdelingsdirektør Løberg understrekar at dei pasientane som får endra tilbod, vil få beskjed. Ho påpeikar også at nokre postar og pasientløp vil bli skjerma for endringar, som for eksempel avrusings/stabiliseringsposten ved Seksjon Askøy og avrusingspostane ved Seksjon Skuteviken. I tillegg skal pasientar i AFR sitt «sømløse ØH-forløp» i andre seksjonar bli skjerma.


- Vi beklagar at avdelinga får eit redusert tilbod og eventuelle ulemper dette fører med seg for pasientar og deira pårørande, men ber om forståing for at helsepersonellet i Avdeling for rusmedisin no må prioriterast til å handtere korona-situasjonen, seier Løberg.

- Vi er opptatt av å sikre god oppfølging til menneske med alvorleg rusproblematikk og samtidig korona-smitte, dette er ofte ei sårbar gruppe med allereie somatiske vanskar som eksempelvis kroniske lungesjukdommar.