"Ei gild stund" med ny hjarte-CT

Mindre stråling for pasientane, mindre bruk av kontrastvæske og betre forsking. Ny hjarte-CT er godt nytt for pasientane ved Haukeland universitetssjukehus.

 

-Som dei seier: Dette har vore ei gild stund, sa Trond Mohn da han takket for seg etter å ha klippet snora som offisiell opning av det nye tilbodet. Den nye CT-maskina er eit resultat av endå ein donasjon frå Trond Mohn.
 

Godt nytt

Avdelingsdirektør ved Hjarteavdelinga, Kjell Vikenes, ga ei rask innføring i kva denne gåva har å seie.
-Vi får raskare opptak, betre bildekvalitet og samtidig redusert stråledose. Reduksjonen av stråledose kan dreie seg om 30-50 prosent i forhold til no, og samtidig kan kontrastdosen reduserast til det halve. Dette er svært godt nytt for pasientane, sa Vikenes. Årleg blir om lag 2500 – 3000 pasientar undersøkte med CT ved Hjarteavdelinga.

Forsking

Auke i forsking vil vere ein viktig konsekvens av den nye CT-maskina. Dei låge dosane gjere det enklare å bruke friske testpersonar i forskinga. Det er allereie laga ein søknad om eit større prosjekt knytt til dei moglegheitene som ligg i det nye utstyret.

Administrerande direktør Eivind Hansen minte om at ei slik gåve forplikta sjukehuset som mottakar.
-Vi må ta i bruk dei moglegheitene som er gitt oss. Det er flott å sjå at Hjarteavdelinga har eit fagleg miljø som er framoverlent og innovativt og som ønskjer å ligge i front fagleg til beste for pasientane, sa Hansen.


«Watch out…»

For fem år sidan donerte også Trond Mohn ein hjarte-CT til Haukeland. Den maskina blir oppgradert og plassert på Radiologisk avdeling.
Donasjonen frå Trond Mohn er på 20 millionar kroner. Mange takkens ord vart sagt under overleveringa.

Då plukka Trond Mohn fram ein lapp han har hatt i lommeboka si dei siste 30 åra og las opp eit sitat frå Bibelen: «Watch out and guard yourselves form every kind of greed. Because a persons life is not made of the things he owns, no matter how rich he may be.»