HELSENORGE
Brukarmedverknad

Di stemme er viktig!

Sist helg var representantar frå alle råd og utval for brukarane av Helse Bergen sine tenester samla til eit heildagsseminar om brukermedverknad. 

- Skal tenestene bli betre må brukarane bli involvert og forventningar må bli avklart. Derfor er slike møte med representantar frå brukarane svært viktige for oss, seier Randi-Luise Møgster som er viseadministrerande direktør i Helse Bergen. 

brukarmedverknad

I overkant av 30 representantar frå både Ungdomsrådet, Brukarutvalet, ulike brukarpanel, uavhengige brukarmedverkare og erfaringskonsulentar deltok på samlinga.​ Programmet for dagen inneheldt både innlegg og gruppearbeid. Både representantar frå Ungdomsrådet og Brukarutvalet opplevde seminaret som lærerikt og inspirerande.

Brukarrepresentant Ungdomsrådet

-  Nytt med denne samlinga er at fleire brukargrupper møtes og kan dele erfaringar på tvers av fagområda og grupper. Vi i Ungdomsrådet har ikkje høyrt så mykje frå dei andre erfaringspanela, så det var nyttig. Elles har programmet for samlinga hatt fagleg godt innhald. For eksempel i økta der vi diskuterte kommunikasjon og mediehandtering fekk eg nokre gode råd og tips som er nyttig for meg å kjenne til dersom media kontaktar meg. I tillegg var det kjekt å vere direktør for en dag, seier Ida Nordvik frå Ungdomsrådet.

- Det var og kjekt med omvising i Glasblokkene 2 som skal bli det nye sjukehuset for barn, unge og kvinner i Helse Bergen. I samband med arbeidet med det nye bygget har brukarrepresentantane gitt innspel som sjukehuset har tatt omsyn til, seier Nordvik

Brukarrepresentant Brukarutvalet
Atle Grung Eide som er representant for Brukarutvalet er einig med Ida om at det var kjekt å delta på samlinga. 
- Som ny representant i Brukarutvalet har det vore veldig nyttig for meg å treffe andre brukargrupper. Spesielt fint var det å møte ungdommane i desse utvala. Dei har gode refleksjonar, og er veldig flinke til å tenke nytt. I tillegg har eg i løpet av samlinga fått ei betre forståing for rolla mi som representant for brukarane. Eg er meir opplyst og har blitt tryggare på mine oppgåver som representant i brukarutvalet, seier Eide.  
 

Ein del av prosjekt «Betre brukarmedverknad»

Trude Hjortland, prosjektleiar for prosjektet "Betre brukarmedverknad" og Malene Joensen, koordinator for Ungdomsrådet var arrangørar for samlinga. Saman med andre medarbeidarar i Helse Bergen, samarbeidspartnarar frå Alrek helseklynge, VIS (Vestlandets innovasjonsselskap) og studentar, losa dei deltakarane gjennom dagen.

Arrangørane 
Hjortland og Joensen sitt igjen med mange gode inntrykk etter samlinga.
-  Vi er spesielt fornøgde med at samlinga ser ut til å legge til rette for at brukarmedverkarar blir kjent med kvarandre på tvers av dei ulike gruppene. Ein slik arena med kontaktbygging kan i seg sjølv bidra til styrka brukermedverknad i sjukehuset, seier Joensen. 
Hjortland supplerer med å fortelje at samlinga er eit viktig tiltak for å styrke brukerrolla i sjukehuset, og ikkje minst ein god arena for Helse Bergen til å få gode innspel frå brukarane.

- For å lage effektive helsetenester av god kvalitet er vi avhengige av at vi lager helsetenester som passar den enkelte brukar. Då er sjølvsagt brukarstemmen kjempeviktig både i arbeidet med utvikling og forbetring av sjukehuset sine tenester, seier Hjortland.