Derfor blir helsepersonell vaksinert

Helsepersonell må vaksinerast for å redusere risikoen for at helsetenestene sviktar. Oppdraget i denne første fasen av vaksineringa er å redusere risikoen for at enkelte helsepersonell blir smitta, seier sjukehusdirektør Eivind Hansen. 


Illustrasjon av hånd som peker på en av tre personer

Illustrasjon: Colourbox.com

​Det er ei veke igjen til startskotet for vaksinering i Helse Bergen, og i tillegg til eit krevjande arbeid med logistikk og praktisk gjennomføring, skal det avgjerast kven som skal få vaksinen først. Namnelistene skal vere utarbeidd innan 11. januar.

- Helsepersonell som er sentrale i handteringa av covid 19-pasientar skal vaksinerast først, seier administrerande direktør i Helse Bergen, Eivind Hansen. 

- Ved stor tilstrøyming av denne pasientgruppa vil vi kanskje trenge alle som har kompetanse på dette feltet. Intensivsjukepleiarar, infeksjonsposten og akuttmottak er nokre eksempel. Mikrobiologisk avdeling er eit anna eksempel. Sjølv om dei ikkje har pasientkontakt, har dei ein funksjon som ikkje lett kan erstattast, og derfor må dei beskyttast mot smitte, seier Hansen.  

Frist i dag

Avdelingar og klinikkar har frist til onsdag 6. januar med å levere ei vurdering av kor sårbare dei er dersom dei tilsette vert smitta. Både kor stor risiko dei tilsette har for å bli smitta i arbeidet sitt, men også om funksjonen deira er lett eller vanskeleg å erstatte.

-  Dei delane av helsevesenet som behandlar andre alvorleg sjuke pasientar må beskyttast for at vi skal kunne sikre pasienttilbodet. Truleg vil ulike helseføretak prioritere ulikt her, men det kjem av at helseføretaka er forskjellige, seier Hansen.

- I første omgang får vi få vaksinar som langt frå rekk til 14 000 tilsette, og vi må gjere stramme prioriteringar. For alle vil det gjelde at vi må halde fram med gode rutinar rundt smittevern. Så må vi tole å vente på tur, og bruke dei kanalane vi har for å gi innspel til prioriteringane, dersom vi har det. Uansett gjeld det for alle at det er positivt at vi no er i gang med vaksinering av risikogruppene i befolkninga og noko helsepersonell, meiner Hansen. 

Fordel for alle

- Det å sikre at vi har medarbeidarar til å handtere pandemien er ein fordel for alle medarbeidarane i Helse Bergen, meiner føretakshovudverneombod Ingeborg Sævareid
 
- Vi får tydelege nasjonale føringar, og arbeidet med å forberede vaksinasjon i Helse Bergen er godt teken hand om, med god involvering og godt samarbeid. Det er vanskeleg å prioritere, og eg forstår at det kan vere medarbeidarar som kunne tenke seg vaksinen tidlegare. Det er viktig at medarbeidarar i risikogrupper er informerte om at dei må vende seg til fastlegen for å få vaksinen.

Riktig justering frå FHI

Føretakstillitsvalt i Norsk Sykepleierforbund, Karen-Anne Stordalen, seier dei støttar justeringa av rekkefølga og anbefalinga om at helsepersonell blir prioritert for vaksinering. 

- Dei som står først i møte med pasientar som er smitta av Covid 19, og er kritisk vanskeleg å erstatte om dei hamnar i isolasjon, blir viktige å prioritere no. Særleg med tanke på risikoen for auka smitteutvikling dei nærmaste vekene etter den auka sosiale kontakten og reisinga i jule- og nyttårshelgane, seier Stordalen.

Ho er også einig i prioriteringane som blir gjort i helsevesenet.

- Vi må tenke system. Det er viktig at nøkkelpersonell som ikkje kan erstattast, held seg friske slik at vi kan ivareta dei i befolkninga som blir sjuke og treng innlegging, seier Stordalen.

- Det er begrensa kor mange som kan få vaksinen i starten, derfor har ei eiga vaksinegruppe, sett saman av representantar frå fagmiljøa, arbeidsgjevar, tillitsvalde og verneombod, i fellesskap sett på korleis vi på best måte kan prioritere kven som skal få vaksinen først. NSF er einig i at ein no vel å prioritere etter sårbarheit i tenesta, ikkje etter individuelt behov hos den enkelte. Vi må sikre at helsevesenet som heilskap er i stand til å levere dei akutte tenestene som befolkninga treng, meiner Stordalen. 

Til dei som kjem litt lenger bak i køen, oppfordrar ho: 

- Fortsett den gode jobben de har gjort til no. Hald avstand, vask hender og hald dykk heime om de har symptom. Snart er det vår tur også! 
Det må seiast at medlemmene våre og dei tilsette i Helse Bergen har blitt veldig flinke til å overhalde gode smittevernrutiner. Det har vi øvd på kontinuerleg. Det skal vi fortsette med enno ei stund,  sjølv om det no kjem ein vaksine.

Viktig med god dialog

- Det er fint at ein startar å vaksinere helsepersonell i front, men vi skal hugse at dei vaksinane som no er tildelt spesialisthelsetenesta knapt vil dekke 5% av alt helsepersonell, seier føretakstillitsvalt /OF /Legeforeningen, Geir Arne Sunde. 
- Då blir det viktig å gjere dei riktige prioriteringane for at tenestetilbodet til pasientane og regionsjukehusfunksjonen vår blir sikra så langt ein klarer, meiner han.

Sunde meiner god dialog blir avgjerande framover.

- Prioriteringar som dette blir løpande og må tilpassast smittetrykket i samfunnet, tenestetilbodet på sjukehusa og tilgangen på vaksiner. Det er viktig at leiinga har ein god dialog med dei tilsette kring prioriteringane som blir gjort og at dei er opne om beslutningar dei tar, slik at dei tilsette forstår og sluttar opp om vaksinestrategien. Så langt har involvering og informasjon til fagforeiningane om vaksinearbeidet i Helse Bergen vore veldig bra, seier han.

Ikkje anna val enn å vente

- Vaksinasjon er ein av dei mest effektive måtane vi har for å førebygge mot smittsame sjukdommar. Vi som må vente har ikkje noko anna val enn å fortsette med gode smittevernrutinar for å beskytte liv og helse – for oss sjølve,  familiane våre og pasientane - til vaksinasjonsnivået i samfunnet er tilstrekkeleg høgt til å knekke pandemien, avsluttar Sunde.