Dette gjer nattevaktene på intensiven for å halde seg vakne

Midt i nattevakta legg intensivsjukepleiarane på Haukeland seg ned i ei seng, trekkjer på seg dyna og lukkar auga.

​Dei veit at ein kort høneblund kan redusere risikoen for både pasientskadar og trafikkulykker for tilsette på veg heim frå nattevakt.

Det viser nemleg ein rapport som Dansk Sygeplejeråd gav ut i 2004. Evalueringar frå danske arbeidsplassar har også vist at powernapping auka dei tilsettes velvære og prestasjonsnivå, både privat og på jobb, og at det gav betre søvnkvalitet etter vakta, skriv fagtidsskriftet Sykepleien.

– Ein powernap løyser ikkje alle problem med turnus- og nattarbeid, men det har blitt mykje lettare for meg å jobbe natt, seier intensivsjukepleiar Harald Pirolt ved Intensivmedisinsk seksjon på Haukeland universitetssjukehus til Sykepleien.

Du kan lese heile saka «En høneblund på Haukeland» her