Det kan bli ein fin dag likevel

Fredag 28. juni syklar kreftsjukepleiar Gyri Tvedt Rustand og Team Rynkeby ut frå Rådhusplassen i Oslo. Åtte dagar og 1400 kilometer seinare er dei framme i Paris. Då har dei fullført eit heilt års arbeid med å samle inn  fleire millionar kroner til Gyri si hjartesak: Barn med kreft.

Team Rynkeby - God Morgon er eit nordisk veldedigheitssykkellag som kvart år syklar til Paris for å samle inn pengar til barn med alvorleg sjukdom. I år deltar 54 lag frå sju land, totalt 2100 syklistar og 500 på service.

Laurdag 29. juni syklar alle Team Rynkeby-laga frå København, med kurs mot Paris.

Laurdag 29. juni syklar alle Team Rynkeby-laga frå København, med kurs mot Paris.

Her kan du lese meir om Team rynkeby God Morgon Bergen

I 2018 donerte Team Rynkeby - God Morgon 91,7 millionar norske kroner til organisasjonar som hjelper barn med kritiske sjukdommar. Det norske laget samla inn om lag 9,8 millionar kroner, alt gjekk til Barnekreftforeningen. Pengane får syklistane inn takka vere draktsponsorar og ved at dei blir sponsa med ulike kronebeløp for kvar kilometer dei syklar, frå privatpersonar og bedrifter. Ryttarane betalar sjølve alt av kostnader for å delta.


Gyri Rustand på sykkelen

Gyri Rustand på sykkelen under fjorårets løp.

- Behovet for meir forsking på kreft hos barn er enormt, seier Gyri Rustand (bildet), som til dagleg jobbar ved Barne- og ungdomsklinikken på Haukeland.

- Kvart år får om lag 200 barn i Noreg kreft. Ein av fem døyr, og mange slit med seinskadar og komplikasjonar etter behandlinga. Barn er ikkje små vaksne! Dei blir ramma av andre krefttypar enn vaksne og har ofte ei komplisert og krevjande behandling. Det er stort behov for meir forsking på behandlingsmetodar, resultat og biverknader.

I fjor sykla fleire kollegaer frå Haukeland. Her er Gyri saman med kollega Line, barnesjukepleiar på Barne- og Ungdomsklinikken.

I fjor sykla fleire kollegaer frå Haukeland. Her er Gyri saman med kollega Line, barnesjukepleiar på Barne- og Ungdomsklinikken.


Gyri sin største inspirasjon og motivasjon er dei små superheltane ho møter gjennom jobben.

- Vi kjem veldig tett på barna og familiane deira, det er ikkje til å unngå at ein blir glad i dei, seier ho.

Éin av dei som har fått ein heilt spesiell plass i hjarta er Jonathan, som døydde 5 år gamal etter nesten 2 års behandling for Nevroblastom.

- Han var gjennom så mykje, men var likevel alltid positiv og klarte å behalde humøret. Det kan bli ein fin dag likevel, brukte han å seie. Han var ein fantastisk gut, fortel Gyri.

Ballongar var «ei greie» mellom Gyri og Jonathan og har blitt eit symbol på det dei hadde saman.  Sykkelen hennar er derfor dekorert med ballong og i tillegg ein engel, som også er tatovert på handleddet.

- Desse symbola betyr mykje for meg og engelen rommar mykje og mange… 


- Har eg ein tøff dag på sykkelen kastar eg eit blikk ned på ballongen, tenker på Jonathan og på kva dei små superheltane går gjennom….Dette klarer eg!