Byggestart for protonsenteret over sommaren

Styret i Helse Bergen har godkjent forprosjektet for protonsenter i Bergen. Etter planen startar arbeidet på tomta i Haukelandsbakken rett over sommaren.

protonsenteret.illustrasjon
Vestibylen i inngansetasjen. Illustrasjoner: Arkitema Architects AS
Forprosjektrapporten (pdf)

Protonsenteret på Haukeland vil stå ferdig i 2024, og skal saman med det nye senteret på Radiumhospitalet i Oslo gje eit tilbod om protonbehandling til kreftpasientar i heile Noreg.

Den nye forma for strålebehandling er meir skånsam enn tradisjonell strålebehandling, og vil redusere faren for langtidsbiverknader og seinskader. Protonbehandling skal bidra til at fleire kan leve eit normalt liv etter kreftsjukdom, og behandlinga er blant anna godt egna for barn og unge.

- Eg er glad for at vi passerer ein ny milepæl i arbeidet med utvikling av eit nytt framtidsretta tilbod til kreftpasientar. Første pasient skal behandlas i 2024. I forprosjektet har vi jobba med å detaljere skisseprosjektet og få ned kostnadene for å imøtekomme kostnadsramma vedteken i styremøtet i mai 2019. No presenterer vi det vi meiner er eit solid og realistisk byggeprosjekt med ein kostnadsramme på 1.172 milliardar kroner, seier administrerande direktør Eivind Hansen.

Sjå og last ned bilete frå Flickr

Det er Helse Vest som gjev det endelege klarsignalet i sitt styremøte i mai.

Integrert driftsmodell

Allereie under skisseprosjektet starta arbeidet med eit større organisasjonsutviklingsprosjekt. Målsettinga med å starte så tidleg er at sjukehuset skal vere førebudd og klar til å ta i bruk nytt bygg og utstyr for protonterapi når bygget står ferdig.

- Protonterapi skal bli ein integrert del av Kreftavdelinga og ikkje ei frittståande eining. Protonbehandling er i prinsippet stråleterapi som inntil vidare har sterkt slektskap med tradisjonell fotonterapi. Målet er at dei fleste tilsette ved Kreftavdelinga på sikt kan protonterapi, dette vil skape fleksibilitet mellom protonterapi og fotonterapi, seier Olav Mella, direktør ved Kreftavdelinga.

I arbeidet med forprosjektet har OU-prosjektet jobba med pasientforløp, logistikkløysingar, bemanning og opptrappingsplan.

- Det vil vere nødvendig å starte opplæring og oppbemanning i forkant av pasientbehandling i 2024. Det er estimert totalt 38 årsverk for å bemanne protonsenteret ved oppstart av pasientbehandlinga i 2024.

Uvanleg bygg på ein uvanleg tomt

I august startar rivinga av det eksisterande parkeringshuset som i dag står på protontomta. I forprosjektet har ein jobba med å tilpassa bygget til dei utfordringane og moglegheitene som er på staden. Bygget har ein betongbunker for strålebehandlinga og ein enklare klinikkdel tilsvarande ordinære sjukehusbygg i front.

inngangspart protonsenteret.illutrsasjon

Inngangspartiet i protonsenteret. Illustrasjon: Arkitema Architects AS

Fem etasjar med pasientbehandling og forsking

Protonsentret har fleire funksjonsområde som er fordelt over fem etasjar: Bygget er på totalt 10700 m2, inklusiv ein parkeringskjeller på 1900 m2.
Det vert ikkje etablert ein eigen sjølvstendig poliklinikk i bygget. Det er undersøkingsrom der pasientar vil kunne sjåast til både i samanheng med behandling og oppfølging av forskingsprotokoller. Utover dette vil polikliniske undersøkingar bli gjennomført i eksisterande lokalar ved Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk i Sentralblokka.
Protonsentret har universell utforming med gode planløysingar både for dei tilsette og for pasientane.

I senteret vil det bli eit behandlingsrom og eit tilsvarande gantry som skal brukast til forsking.

- I den norske protonsatsinga er det eit stort fokus på kunnskapsutvikling. Pasientbehandlinga skal integrerast med forsking av høg kvalitet. No skal vi fortsette arbeidet med å legge til rette for den omfattande forskingsaktiviteten som skal skje i senteret i nært samarbeid med Universitetet i Bergen og Høgskolen på Vestlandet, seier Hansen.

Tunnel og heisløysing sikrar god kommunikasjon

For å knytte protonsenteret opp mot resten av sjukehuset skal det etablerast ein tunnel frå Sentralblokka ca. 230m inn i fjellet. Der vil det gå ein heis som bringer ein direkte opp i protonsenteret. Heisen vil ha en løftehøgde på ca. 70m.

Føresetnader om finansiering

Protonterapi representerer ei ny behandling i Noreg, og det er ein føresetnad for etableringa at majoriteten av pasientane skal inkluderast i prospektive kliniske intervensjonsstudiar. Kostnadene knytta til behandlinga og til klinisk forsking er derfor høgare enn for fotonterapi.

- Styret i Helse Bergen legg til grunn at alle kostnadene ved oppstart er fullt ut rammefinansiert med kostnadsdekning. Inntektsgrunnlaget for drifta av protonsenteret er ikkje avklart. Styret har derfor bedt meg om å arbeide for å etablere ordningar for ei heilskapleg finansiering av framtidig drifts- og kapitalkostnader, seier Hansen.

Kostnadene til drift av senteret vil starte frå 2020, mens full kapasitet i protonsenteret først vil vere nådd i 2027/28. Første år med full drift og kapasitetsutnytting kan først ventast å vere 2028. Vi antar derfor at tilbodet vanskeleg kan inkluderast i innsatsstyrt finansiering før 2027/2028.

Les meir om innføring av proton til Noreg Les meir om protonsenteret i Bergen

Vidare framdrift

Når forprosjektet no er ferdig går prosjektet over i det som vert kalla detaljprosjektering.

Det leggjast opp til følgande framdriftsplan for det vidare arbeidet

  • Mai 2020: Innsending av søknad om rammeløyve
  • August 2020: Oppstart riving på byggetomt, grunnarbeid og tunnelarbeid
  • Vår 2020: Vidare arbeid med organisering og detaljering av arbeidsprosessar
  • Vår 2020: Forsking, utvikling og kompetanseoppbygging
  • Haust 2021: Oppstart utstøyping av dei store betongkonstruksjonane knytta til bunkeren, deretter vil dei andre faga følge på
  • Vår 2023: Utstyrsleverandør Varian opp sitt montasjearbeid
  • Haust 2024: Første pasient til behandling