- Det vil seie at Mikrobiologisk avdeling tar mål av seg til å kunne analysere om lag 6000 prøvar per døgn i løpet av dei to neste vekene, fortel avdelingssjef Elling Ulvestad.
Bakgrunnen for den store auken i analysevolum er at Helsedirektoratet i påsken varsla at ein håper å kunne teste 100.000 nordmenn i veka for koronavirus innan utgangen av april. I første omgang er det planlagt testing av barnehagefamiliar og tilsette med symptom når barnehagane opnar igjen 20. april.
- Allereie i førre veke begynte vi å rigge oss for å kunne analysere vår del av ein så pass stor prøvemengde som den Helsedirektoratet skisserer, seier Ulvestad.
I tillegg til å bygge om gangareal til laboratorium, vil avdelinga hente inn teknisk utstyr og spesialiserte bioingeniørar frå andre avdelingar i Laboratorieklinikken. Det kan også bli aktuelt å hente personell frå Universitetet i Bergen og andre institusjonar som har tilsett spesialisert personell.
- I tillegg vil vi gjere noko utstyrsinnkjøp. Både reagensar, altså kjemikaliar som ein bruker i testinga, og vattpinnar, har vore mangelvare så langt i pandemien. No er nasjonale innkjøp på trappene og det vil truleg kunne lette denne mangelen, opplyser Ulvestad.