Busslinjene 20 og 403 får nye haldeplassar frå 23. oktober

Stenger Ibsens gate

Frå måndag 23. oktober køyrer busslinjene 20 og 403 om Møllendal til og frå Haukeland universitetssjukehus, og ikkje om Ibsens gate.

 

Endringa i busstilbodet skjer fordi kommunen stenger delar av Ibsens gate for å oppgradere vatn- og avløypsledningar. 

Sjå skyss.no eller app (Skyss Reiseplanlegger-app eller Skyss Reise-app) for oppdaterte rutetider

Det er røyrnettet mellom Edvard Griegs veg og Hunstadsvingen som skal bli nytt. Kommunen planlegg å starte gravearbeidet i slutten av oktober, og frå same tidspunkt vil Ibsens gate bli stengt for gjennomkøyring. Stenging og omkøyring vil bli tydeleg skilta.

Arbeidet er omfattande, og gravearbeidet vil halde fram til august 2018.

Du finn meir informasjon om dette på Bergen kommune sine nettsider.