Busshaldeplass Haukeland sjukehus Sør stengd frå veke 47

Haldeplassen Haukeland sjukehus Sør, i retning mot Bergen sentrum, vert stengd frå veke 47 som følgje av arbeid med å utvide og utbetre denne haldeplassen.

Utvidinga og utbetringa av haldeplassen i sør er eit ledd i førebuingane mot ei framtidig stenging av haldeplassen i nord.

På grunn av utbetringsarbeidet blir haldeplassen i sør stengt frå veke 47, og skal vere stengt i cirka 4 veker.

Alternative haldeplassar er Haukeland sjukehus Nord eller mellombels haldeplass i Haukelandsveien med ca. 250 meter gangavstand - merk at dette ikkje gjeld alle linjer.

Sentralblokka Haukeland sett fra sør. Foto

Haldeplassen sør for Sentralblokka blir stengd frå veke 47

Linje 20 og 403 frå Haukeland sjukehus vil starte frå mellombels haldeplass i Haukelandsveien. Avgangstidene er dei same.

Linje 27 og 28 til Haukeland som kjem frå Ibsens gate vil ikkje stoppe vede alternativ haldeplass i Haukelandsveien, men køyrer rett til endehaldeplass ved Haukelands sjukehus Nord.

Linje 2, 3, 12, 21, 25, 80, og 604; bussar som kjem frå Nattlandsveien stoppar ved mellombels haldeplass i Haukelandsveien i staden for Haukeland sjukehus Sør.

Oversikt flyfoto stengt holdeplass og ny holdeplass linjeoversikt. Flyfoto/illustrasjon

Framtidige endringar for Haukelandsområdet

Dei neste åra vil det bli fleire endringar i gang- og sykkelmønsteret for alle som bevegar seg på Haukelandsområdet.

Til våren startar bygginga av den underjordiske haldeplassen for Bybanen nord for Sentralblokka, samtidig som bygginga av Barne- og ungdomssjukehuset del 2 (BUS 2) pågår.

Desse to store byggeprosjekta vil pågå parallelt over ein lang periode, og ein av konsekvensane er at busshaldeplassen nord for Sentralblokka vil bli stengt i ein lenger periode. Difor skal busshaldeplassen sør for Sentralblokka bli utvida og utbetra. Dette vil bli hovudhaldeplassen for all busstrafikk til sjukehuset i åra framover.