Brystdiagnostisk senter har flytta

Onsdag tok Brystdiagnostisk senter imot sin første pasient i nye lokale på Haraldsplass Diakonale Sykehus.

 

Frå måndag 21. januar er det full drift.

- Vi er veldig fornøgde, seier senterleiar Andrea Oldenborg og viser rundt i lyse og opne lokale i 5. etasje i nybygget hos naboen Haraldsplass Diakonale Sykehus.

- Her har vi fått dei romma vi har behov for, den storleiken vi treng, og betre inneklima. Ikkje minst er det flott at vi no kan tilby både samtalerom og kvilerom til pasientane våre.

To personar i samtale på samtalerom

I dei nye lokala kan senteret tilby samtalerom. Her er senterleiar Andrea Oldenborg i samtale med "pasient" Lene Natvik.

Oldenborg rosar også mottakinga dei har fått på Haraldsplass.
 -Vi har blitt tatt godt imot og fått god hjelp, understrekar ho.

Brystdiagnostisk senter har flytta frå eit trongbudd tilvære i underetasjen på Hudbygget, til 5. etasje i nybygget på Haraldsplass. Senteret er framleis ein del av Radiologisk avdeling i Helse Bergen, med same telefonnummer og e-post som før.

Bryst- og endokrinkirurgisk poliklinikk (som er del av Kirurgisk klinikk), held framleis til i Hudbygget på Haukeland.


Mammografiprogrammet, der alle kvinner i aldersgruppa 50-69 år får invitasjon til mammografiundersøking anna kvart år, held framleis til i Solheimsgaten på Danmarksplass.



Avdelingsradiograf Siri Djurhuus, radiograf Ina Pedersen og radiograf Ann-Kristin Book Heimvik viser fram ein av tre mammografi-

Avdelingsradiograf Siri Djurhuus, radiograf Ina Pedersen og radiograf Ann-Kristin Book Heimvik viser fram ein av tre mammografi-labar. På denne laben er apparatet heilt nytt.

- Flyttinga bidrar til eit meir tilgjengeleg tilbod, i betre tilrettelagte lokale, tilpassa pasientane og dei tilsette sine behov, oppsummerer Oldenborg.

- Vi skal framleis vere eit brystdiagnostisk senter med god medisinsk kvalitet og tverrfagleg samarbeid, der vi legg til rette for forsking.

Ved Brystdiagnostisk senter blir det utført mammografi, som er røntgenundersøking av brysta, ultralydundersøking og biopsi der dette er nødvendig.

Overlege Arleta Frey og radiograf Elisabeth Brurok på ein av ultralydlabane

Overlege Arleta Frey og radiograf Elisabeth Brurok på ein av ultralydlabane.

Pasientar som kjem til Brystdiagnostisk senter kan vere kalla tilbake til vidare undersøkingar etter mammografiscreening, eller dei kan ha oppsøkt lege sjølv fordi dei har kjent endringar eller kular i brystvev.

Mammografiprogrammet, der alle kvinner i aldersgruppa 50-69 år får invitasjon til mammografiundersøking anna kvart år, vil framleis halde til på Danmarksplass og på Mammografibussen som køyrer rundt i distrikta.

Radiograf Ina Pedersen og sekretær Lene Natvik viser fram kvilerommet. Her kan pasientar som har behov for det trekke seg tilbak

Radiograf Ina Pedersen og sekretær Lene Natvik viser fram kvilerommet. Her kan pasientar som har behov for det trekke seg tilbake og slappe av.