Brystdiagnostisk senter flyttar inn i nye lokale

I veke 3 flyttar Brystdiagnostisk senter (BDS) frå Hudbygget på Haukeland universitetssjukehus, til det nye sjukehusbygget på Haraldsplass diakonale sykehus.

 

– Vi gler oss til å flytte inn i nye lokale, seier senterleiar Andrea Oldenborg ved Brystdiagnostisk senter.

– Dette kjem til å bli ei positiv endring for både pasientane og oss som jobbar her. Flyttinga vil bidra til eit meir tilgjengeleg tilbod, meir plass og betre tilrettelagte lokale.

Brystdiagnostisk senter flyttar inn i 5. etasje i nybygget på Haraldsplass. Det blir full drift i nye lokale frå og med veke 4.

Ved Brystdiagnostisk senter blir det utført mammografi, som er røntgenundersøking av brysta, ultralydundersøking og biopsi der dette er nødvendig.

Pasientar som kjem til Brystdiagnostisk senter kan vere kalla tilbake til vidare undersøkingar etter mammografiscreening, eller dei kan ha oppsøkt lege sjølv fordi dei har kjent endringar eller kular i brystvev.

Mammografiprogrammet, der alle kvinner i aldersgruppa 50-69 år får invitasjon til mammografiundersøking anna kvart år, vil framleis halde til på Danmarksplass og på Mammografibussen som køyrer rundt i distrikta.

Brystdiagnostisk senter er framleis ein del av Radiologisk avdeling i Helse Bergen, med same telefonnummer og e-post som før.