Oda Søilen Djupevåg har sjølv vore pasient i Sandviken. No er ho tilsett som erfaringskonsulent i Psykiatrisk klinikk. Jobbspesialist Trude Hjortland har vore ein viktig hjelpar på vegen dit.
- Eg trur det er svært vanleg når du er så sjuk, det at du ikkje kan sjå for deg at du skal bli frisk igjen, seier den ferske erfaringskonsulenten.
Ho er tilsett i halv stilling, og er tilknytt sengepostane for pasientar med stemningslidingar. Etter kvart skal ho vere ein ressurs for fleire avdelingar for å få inn brukarperspektivet i klinikken. Ein stor del av jobben vil vere pasientsamtalar og undervisning av tilsette og pårørande.
Lang erfaring
Trass ung alder har Oda lang erfaring frå psykiatrien. Ho kom frå Norheimsund til Bergen for å studere, men blei etter kvart så sjuk at ho blei innlagd på avdeling for tidlig psykose med angst, depresjon og psykoseliding. Der blei ho i halvtanna år.
- Eg var veldig dårleg med mykje angst og uro for alt mogleg. Alt såg håplaust ut, og eg skjønte ikkje på det tidspunktet at eg nokon gong kunne bli betre, fortel Oda. Men ho fekk god behandling, mykje tid og opplevde at ho gradvis blei betre.
- Eg blei møtt på ein fin måte av både legar og sjukepleiarar, og hadde mange flinke folk rundt meg som gav meg all den hjelpa eg trong. Men eg hugsar eg tenkte det hadde vore godt å få snakka med nokon som sjølv hadde vore sjuk, fortel ho.
Etter halvtanna år i Sandviken var Oda blitt betre, og fekk kome til Kronstad DPS. Der var ho i eitt år før ho blei klar for å flytte inn i eigen bustad og å finne seg jobb.
Klar for jobb
Å kome seg ut i jobb hadde ho forsøkt tidlegare, men forsøket hadde stranda fordi ho eigentleg ikkje hadde vore klar. No var ho klar for å prøve på nytt, og tok igjen kontakt med jobbspesialist Trude Hjortland som jobbar med individuell jobbstøtte (IPS) i Psykiatrisk klinikk.
- Oda ønskte seg butikkjobb, men da ideen om erfaringskonsulent tilfeldigvis dukka opp, så tente Oda på ideen, ein slik jobb ville ho gjerne ha! fortel jobbspesialisten som meinte Oda ville vere rett person for jobben. Trude tok kontakt med klinikkleiinga, og i løpet av kort tid blei det avtalt jobbintervju og Oda fekk tilbod om klinikkens første stilling som erfaringskonsulent.
Formidlar håp
- Ho har vore innlagd her sjølv, og har sjukehuserfaringen, ho kan gi håp til andre om at det går an å bli betre. Å formidle håp til pasientane er kjempeviktig, meiner Trude.
Oda begynte i jobben i mars, og har hatt mange samtalar med pasientar.
- Det er ein utfordrande jobb. Eg møter mange ulike problemstillingar som gjer at eg får brukt alt det eg har av erfaring, oppsummerer ho.
- Da eg sjølv var sjuk, skulle eg ønske eg fekk møte ein erfaringskonsulent. No kan eg bidra med mi erfaring og på den måten bety noko for andre som er så sjuke at dei ikkje trur det går an å bli frisk igjen, seier Oda.
BA har skrive om Oda, du kan lese artikkelen her (krev abonnement).
Relevante avdelinger: