Bør ta høgde for noko lengre reisetid

I samband med overgangen til nye leverandørar av pasientreiser i kommunane Askøy, Bergen, Fjell og Sund, bør rekvirentar og pasientar ta høgde for noko lengre reisetid.
 
- Vi oppmodar rekvirentane i desse kommunane om å ta høgde for at pasientane kan trenge inntil ein halvtime lengre tid enn vanleg, frå hentetidspunkt til behandlingstidspunkt. Dette gjer vi for å vere sikre på at pasientane rekk timeavtalene sine, seier Ann-Mari Høiland, leiar i Avdeling for pasientreiser.

Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-6 gir pasientar rett til dekning av nødvendige utgifter når pasientar må reise for å ta i mot helsetenester. Dette blir utdjupa i Pasientreiseforskriften. Pasientreiser skjer både med og utan rekvisisjon. Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen har finansieringsansvaret for alle pasientreisene til offentleg godkjent behandling i primær- og spesialisthelsetenesta, i tillegg til at den koordinerer reiser med rekvisisjon.

Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med Avdeling for pasientreiser på telefon 05515 (måndag – fredag kl. 0800 – 1530) eller på e-post pasientreiser@helse-bergen.no.

Relevante artiklar

  • Flyreiser

    Har du spørsmål om planlegging og gjennomføring av reise med fly, ring oss på telefon 05515.

  • Få hjelp på 05515

    05515 er eit nasjonalt telefonnummer som set deg i kontakt med det lokale pasientreisekontoret.

  • Pasientrettar ved reise

    Hovudregelen er at du får dekt reisa di med ein standardsats per kilometer, uansett kva slags transportmiddel du har brukt.

  • Venteareal

    Pasientar som ventar på pasientreise kan gjere dette i eit eige, tilpassa areal i foajeen i Sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus.