Blodgiving og koronavirus

Kjære blodgivar

Korona-epidemien gir oss ein del utfordringar i Blodbanken. Gjer deg kjent med reglane og viss du kan; gi blod!

dame gir blod
 

Karantenereglar:

  • Personar som har vore utanfor Noreg skal ha 10 dagars karantene
  • Personar med bekrefta koronainfeksjon skal ha karantene i 10 dagar etter symptomfriheit.
  • Personar som har vore i nærkontakt med eit bekrefta tilfelle av covid-19 skal ha karantene i 10 dagar etter siste kontakt. For husstandsmedlemmer til bekrefta tilfelle, gjeld karantene i 10 dagar etter symptomfriheit hos bekrefta tilfelle.


Det er ingen karantene for nærkontaktar til asymptomatiske personar som har opphalde seg utanfor Noreg.

Det er ikkje karantene for personar som er friske/symptomfrie, men bur i same husstand som andre med lette luftvegssymptom, med mindre det fell saman med eitt av kriteria for karantene.
Heimekontor er ikkje det same som heimekarantene; ein kan komme å gi om ein er frisk.

Å donere blod vil ikkje eksponere deg for mange menneske. Sjukehuset og Blodbanken har innført fleire tiltak for å redusere smitterisiko. Vi sørgjer for at det ikkje er mange blodgivarar til stades samtidig slik at vi kan ha avstand mellom givarane. Vi har óg eit enda større fokus på handhygiene og overflatevask enn vanleg. Det er viktig at du kjem til den tida du er/har sett deg opp på.

Hugs: Viss du er frisk, treng vi deg som blodgivar.

Definisjonar av nærkontaktar til personar som har fått påvist covid-19


Vi treng friske blodgivarar

Desse karantenereglane kan føre til mangel på blodgivarar som kan gi blod. Derfor er det endå viktigare at du møter til blodgiving dersom du sjølv ikkje er i karantene (og er heilt symptomfri elles), når du får innkalling frå oss.