Blå november

Prostatakreft er den største kreftforma i Noreg. Likevel manglar gode nok verktøy som kan skilje den milde kreften frå den aggressive. I november blir Blå sløyfe-aksjonen markert i heile landet. 

– Mange veit ikkje at prostatakreft er den aller største kreftforma. Om lag éin av åtte menn vil få påvist prostatakreft i løpet av livet. Vi håper folk er med og støttar kampen mot prostatakreft, seier leiar Bjørn Garlimo i Prostatakreftforeningen i Bergen og omegn.

«Menn og kreft» på Vardesenteret

Rosa sløyfe-aksjonen har i 20 år vist solidaritet med brystkreft-ramma kvinner. I november i fjor fekk menn ei eiga blå sløyfe.

Tre menn døyr kvar dag av prostatakreft i Noreg. Kvart år får over 5000 nordmenn kreftforma. I 2030 er det forventa at 7000 menn vil bli ramma.

På Vardesenteret ved Haukeland Universitetssjukehus kan du få informasjon om sjukdommen og snakke med likepersonar som er ramma av sjukdommen. 

Nils Steinar Berg-Olsen fekk diagnosen i 2014, og møtet med Vardesenteret var viktig for han og familien. I dag er han sjølv likeperson.
- Ved å vere eit levande eksempel på ein kreftramma som har fått hjelp, kan eg kanskje vere ei inspirasjonskjelde til nye menn med kreftdiagnose, sier han.

Nils Steinar Berg-Olsen er likeperson

Nils Steinar Berg-Olsen er likeperson på Vardesenteret.



Nils eller andre likepersonar treff du på Vardesenteret kvar tysdag og onsdag.

Her kan du lese meir om VardesenteretHer kan du lese meir om likepersontenesta Her kan du lese meir om Blå sløyfe-aksjonen