Bidrar i det norske teamet i Nord Italia

Onsdag reiste eit DSB-leia medisinsk team til Lombardia, for å hjelpe italienske myndigheiter med å handtere landets korona-situasjon. Guttorm Brattebø frå Haukeland universitetssjukehus er medisinsk leiar i teamet.

Teamet består av 16 sjukepleiarar, legar og ambulansepersonell frå heile landet, og tre logistikkansvarlege frå Sivilforsvaret. 

Teamet under samling før avreise . Foto: Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

Teamet under samling før avreise. Foto: Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap.

Med seg frå Haukeland har Brattebø også anestesisjukepleiar Janecke Engeberg Sjøvold og seksjonsoverlege Bjarte Askeland. Sistnemnte kom heim frå oppdrag på Samoa for berre knappe tre månader sidan.
Også då reiste Askeland som ein del av innsatsteamet Norwegian Emergency MEdical Team (NOR EMT) som rykkjer ut til kriser i heile verda.

Dette gjer vi fordi Noreg er medlem av EUs ordning for sivil beredskap, noko som inneber at europeiske land bistår kvarandre i kriser.

- Det norske bidraget i Italia vil ikkje få konsekvensar for kapasiteten ved norske sjukehus, seier fungerande direktør Per K. Brekke i Direktoratet for sikkerhet og beredskap (DSB).
- Dei erfarne sjukepleiarane og legane kjem frå heile landet, og belastninga for kvart enkelt sjukehus er derfor liten.

I tillegg vil oppdraget gi teamet verdifulle erfaringar som Noreg kan bruke i si handtering av pandemien.