Betringsarbeidet godt i gang ved Psykiatrisk klinikk

Psykiatrisk klinikk er i full gong med å gjennomføre tiltak etter Arbeidstilsynets inspeksjon i 2019. Nyleg var 38 tilsette ved klinikken samla i tre dagar for å kurse ressurspersonar i MAP som står for «Møte med aggresjonsproblematikk».

MAP-koordinator Thomas Nag i dialog med eit par av deltakarane.

Arbeidstilsynet hadde tilsyn ved Psykiatrisk klinikk i 2019, og det resulterte i at Helse Bergen fekk vedtak om fem pålegg.

Eit av pålegga omhandla vald, truslar om vald og uheldige belastningar - kartlegging, risikovurdering, tiltak og plan. Arbeid som på ein effektiv måte førebyggjer vald er komplisert, og omhandlar både organisatoriske og systemiske faktorar i tillegg til dei openberre faktorane som har med samspel å gjere. 
 - Felles mål og forankring er viktig. For å understøtte god samhandling og etterleving i det valdsførebyggande arbeidet, er kursa obligatoriske for alle seksjonsleiarane i klinikken, seier klinikkdirektør Brede Aasen i Psykiatrisk klinikk. 
 

- Nyttig

Seksjonsleiar Gunn Andersen ved PAM 1 synest samlinga har vore svært nyttig i ein travel jobbkvardag. 
- Vi har skapt ein arena der eg som leiar har fått høve til å ha dialog med ressurspersonane ved seksjonen min. Rolla som leiar er svært travel, og det har derfor vore unikt å få moglegheit til å samhandle internt om korleis vi kan tilnærme oss og jobbe med dei utfordringane som aggresjons- og valdsproblematikk utgjer for arbeidsmiljøet vårt. Det har òg vore lærerikt å få ei betre forståing av konseptet og nytteverdien i MAP. Vi ser fram til å ta verktøya meir aktivt i bruk hos oss, seier ho.
 

Ny rolle

Rollen som ressursperson i MAP er nyoppretta, og ressurspersonane skal vere lokale pådrivarar som kan forvalte og nytte MAP-kompetansen og verktøya aktivt i den kliniske kvardagen. Dei skal kunne hjelpe til med rettleiing, kunnskap og trening for tilsette i eiga eining.
 
- Dette har vore ein unik arena der vi som klinikarar saman med seksjonsleiinga har blitt samde om korleis vi skal jobbe målretta og effektivt med valdsproblematikk i tida framover. Tidlegare har vi gjerne vore ein person på kvar avdeling som har hatt fokus på dette. Det blir for lite. No er vi fire personar ved seksjonen min som skal ha eit felles ansvar for fokus og arbeid med denne tematikken, seier instruktør Karl Erik Fiskå ved S6.
 

Oppvakning

Endre Wolf ved S6 som er ressursperson, meiner samlinga har fungert som ein personleg oppvakning.
- Eg har fått eit nytt perspektiv på kor mykje påverknadskraft vi kan ha på desse hendingane. Eg kjenner meg svært motivert til å formidle kompetansen til kollegaane mine, seier han.
 

Innhaldsrike kursdagar

Den overordna hensikta med opplæringa har vore:
• Kunne rettleie medarbeidarar om kva som kan vere årsakene til aggresjon og vald hos den enkelte pasient
• Kunnskap om kva faktorar som kan fremje og hemme aggresjon og vald
• Kunne gjere enkle risikovurderingar og utarbeide individuelle planar for risikohandtering
• Kunne bruke samtaleverktøy som kan førebygge vald (kartleggingssamtale/samarbeidsdialog, terapeutisk grensesetting, deeskalerande kommunikasjon, evalueringssamtale/ettersamtale)
• Kunne rettleie og trene medarbeidarar i forsvarleg handtering av kritiske situasjonar.
 

Koplar teori og praksis

- Vi har lenge hatt kunnskapen rundt kva som kan bidra til å redusere konfliktar og vald i psykisk helsevern. Utfordringa er å bygge bru mellom det vi veit fungerer og det som blir etterlevd og gjort i praksis. Effektiv førebygging av vald omhandlar både haldningar, evner, organisatoriske faktorar og kultur- og verdiarbeid. Gjennom denne satsinga har vi svært gode føresetnader for å redusere konfliktgrunnlaget i psykisk helsevern, seier MAP-koordinator Thomas Nag.

Kva er MAP?

• MAP står for «Møte med aggresjonsproblematikk».

• Eit opplæringsprogram for førebygging og handtering av aggresjons- og valdsproblematikk innanfor helse- og sosialsektoren.

• Tilbyr ein standardisert, kunnskapsbasert og kvalitetssikra opplæring av tilsette.

• MAP har vore eit samarbeidsprosjekt mellom Nasjonalt kompetansesenternettverk for sikkerhets-, fengsels- og rettspsykiatri (SIFER-nettverket), dei tre regionale sikkerheitsavdelingane, Helse Stavanger og Helse Fonna.

• Innført i dei fleste helseføretaka i landet.

Les meir på sidene til sifer.no