Betre traumebehandling for ruspasientar

Svært mange personar med rusmiddelmisbruk har opplevd alvorlege traumatiske hendingar både i oppveksten og i vaksen alder. For å styrke tilbodet til desse pasientane har Avdeling for rusmedisin etablert eigne traumestabiliseringsgrupper.

I åra 2014-2016 gjennomførte Avdeling for rusmedisin (AFR) ein kvalitetssikringsstudie der ein kartla negative barndomsopplevingar hos 69 pasientar i Legemiddelassistert rehabilitering (24 kvinner og 45 menn).

Pasientane vart spurte om dei har vore utsette for vald, seksuelle overgrep, rus og psykisk liding i oppvekstfamilie, mobbing som barn og omsorgssvikt.
Ni av ti svarte at dei hadde opplevd frå ei til seks slike traumatiske hendingar, med eit gjennomsnitt på fire hendingar både for menn og kvinner. 38 prosent av kvinnene hadde opplevd alle seks hendingane.

Dette blir støtta av ein forskingsartikkel frå bl.a. AFR der det kom fram at nesten 70 % av menneske med rusmiddelmisbruk på ruspoliklinikkar i Bergen har opplevd alvorlege barndsomtraume.

Les forskingsartikkelen


Behov for betre tilbod

- Undersøkinga og forskinga støtta opp under klinisk erfaring som hadde vist at det er behov for å ta endå betre vare på den delen av pasientgruppa vår som har vore utsett for ulike overgrep i barne- og ungdomstida, seier klinisk sosionom Marianne Fjæreide, som har spesialisering i vald og traumatisk stress.  Resultata i kvalitetssikringsstudien var ein del av hennar masteroppgåve i psykososialt arbeid, rus, vald, traumer og sjølvmordsførebygging. Fjæreide  er ein av tre gruppeleiarar.

- Vi mangla eit tilbod som kan ivareta posttraumatiske reaksjonar på slike hendingar, både i form av psykiske lidingar og samtidig rusliding, påpeikar ho.

Basert på forsking og klinisk erfaring om opplevde traume hos pasientar med rusmiddelproblematikk, vart det hausten 2017 etablert ei pilotgruppe i traumestabilisering for pasientar med rus og traumelidingar i AFR poliklinikk.

- Pasientar med traumelidingar har ofte mindre utbytte av «vanleg» rusbehandling enn pasientar utan traumeerfaringar. For å sikre god behandling til pasientar med ruslidingar og med traumeerfaring, såg vi det derfor som viktig å prøve ut eit psykoedukativt gruppetilbod for denne pasientgruppa, seier Fjæreide.


Ni deltakarar følgde traumestabiliseringsgruppa over 20 kursdagar.
Den psykoedukative traumebehandlinga blir gjort etter Modum Bad sin modell «Tilbake til nåtid».


Gode tilbakemeldingar

Tilbakemeldingane frå deltakarane i pilotgruppa har vore svært gode. I evalueringa har både arbeid med eigne psykiske reaksjonar og utvikling av gode taklingsmåtar, sosial gruppetrening, det å vite at ein ikkje er åleine og strategiar for å meistre angst og andre reaksjonar i kvardagen blitt trekt fram som positive erfaringar. Dette samsvarer godt med gruppeleiarane sine
erfaringar.

- Deltakarane opplever å kjenne seg igjen i kvarandre. Dei får erfare at dei tilhøyrer ei gruppe, og at dei kan bruke kvarandre sine erfaringar som utgangspunkt for å forstå og å endre sine eigne reaksjonar, utdjupar Fjæreide.

Utsegn som "Det har gitt meg så sykt mye! Vet ikke helt hvor jeg skal begynne å forklare det. Jeg har lært mye om min egen sykdom, innsett flere ting ved meg selv, og det er lettere å forklare ting/sykdommen til andre» og det at så mange i piloten rapporterte betre funksjon i kvardagen støttar at tilbodet skal vidareførast og utvidast avdelinga.


Denne hausten er traumestabiliseringsgruppe eit tilbod både i poliklinikk og i LAR. Det startar to grupper i LAR i september, og i poliklinikk startar ny gruppe i oktober.  Målet å utvikle  eit fast traumebehandlingstilbod ved AFR-poliklinikk og AFR- Legemiddelassistert rehabilitering.