Betre informasjon med planlagde utreisesamtalar

Betre informasjon til pasientane og tryggare sjukepleiarar med høgare kunnskap. Dette er nokre av resultata frå  eit nytt kvalitetsforbetringsprosjekt ved Kreftavdelinga på Haukeland.

Prosjektleiar Janita Svindseth (t.v.) saman med prosjektdeltakarane Anne K. Valentinsen frå kreft post 2, Beate Hatlenes frå kreft poliklinikk og Christine Kobberstad Erdal frå kreft post 1.

I 2016 søkte og fekk Kreftavdelinga Såkornmidlar til prosjektet «Planlagde utreisesamtalar – kvalitetssikring av informasjonsutveksling», som varte frå hausten 2016 og ut 2017.

Bakgrunnen for søknaden om midlar var ei erkjenning av at informasjonen pasientar og pårørande fekk om tida etter behandling, var svært tilfeldig. Dei hadde utskrivingssamtale med lege, men ikkje fast utreisesamtale med sjukepleiar.


Brå overgang

- Pasientane våre har svært ulike behov, understrekar prosjektleiar Janita Svindseth.
- Men vi veit at det å bli skriven ut etter endt behandling kan vere ein brå overgang for mange. Om du skal heim kan det vere vanskeleg å kome tilbake til kvardagen, og det å vite kor ein kan søke støtte kan hjelpe pasientar og pårørande å meistre denne tida på ein betre måte.

Ifølgje Svindseth er det å kvalitetssikre informasjon eit viktig pasientsikkerheitstiltak, og dermed ei viktig oppgåve for sjukepleiarane.
 
- Alle pasientar har rett på informasjon om tilbod og ressursar dei kan nytte seg av, forklarer ho.

Det kan vere alt frå informasjon om rehabilitering til kreftkoordinator, Vardesenter eller ressursperson i Nettverk for kreftomsorg og lindrande behandling.

- Tida etter eit sjukehusopphald kan opplevast usikkert om ein ikkje er førebudd på kva ein kan møte. Pasientane skal alltid vite kven dei skal kontakte, seier Svindseth.


Tilsette var usikre

I forkant av prosjektet hadde det også kome signal om at sjukepleiarar i avdelinga var usikre på kva ein skulle informere pasientar og pårørande om og når denne informasjonen skulle komme i forløpet.

- Det var ønske om eit system som sikra at pasientane fekk informasjon uavhengig av person, og ei trygging på kva samtalen skulle innehalde. Fleire sjukepleiarar ønska også auka kunnskap kva tilbod som finst for pasientar etter utskriving, fortel Svindseth.

Prosjektgruppa har utarbeidd ein mal for utreisesamtalar basert på Fire gode vaner-prinsippa, som avdelinga har tatt i bruk. Helge Alsaker Solheim frå 4 gode vaner kursa har vore med i prosjektgruppa. Gruppa har også utarbeidd eit førebuande skjema til pasientane, inspirert av eit kartleggingsskjema som blir nytta i Danmark for å identifisere behov for rehabilitering og / eller palliasjon. Dette gjer at alle sjukepleiarar og hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar på avdelinga no skal kunne gjennomføre samtalane.

- Dei tilsette fylte ut spørjeskjema både før og etter prosjektet, og tilbakemeldingane er gode. Dei tilsette er tryggare på kva utreisesamtalen skal innehalde, og dei opplever å ha fått auka kunnskapen sin om tilbodet som finst for pasientane etter utskriving, fortel Svindseth.

Prosjektet har ikkje talt alle samtalar frå start, men dei har gjennomført seks måleveker på sengepostane og 10 måledagar på poliklinikken. I denne perioden vart det gjennomført 51 samtalar. Frå mars til november vart det levert evalueringsskjema på 85 samtalar.

- Vi veit at det vart gjennomført fleire, men ikkje alle har fylt ut evalueringsskjema.


Fått svar

Også tilbakemeldingane frå pasientane er gode. Dei har fått landa litt usikkerheit og fått svar på spørsmål. Det er Svindseth glad for.

- God informasjon og kommunikasjon er ein viktig del av pasientar si oppleving av ein god utskrivingsprosess, seier ho.

- Gjennom planlagde samtalar ved utreise får vi fokus på kva som er viktig for pasient og pårørande og vi får kvalitetssikra utvekslinga av informasjon.


Dette prosjektet har hatt fokus på pasientar som avsluttar behandling ved kreftavdelinga. Svindseth trur likevel det har store overføringsverdi.

- Sjølv om innhaldet i ein utreisesamtale vil bli ulik, vil form og metode kunne bli tatt i bruk på andre avdelingar også, seier ho.