Besøk er viktig, men smittevern viktigast

6. juni opna sjukehuset igjen for pasientbesøk. Mange avdelingar melder no om at det kjem så mange besøkande at det kan vere vanskeleg å halde god nok smittevernavstand.

 

​- Sjølvsagt er det både fint og viktig at inneliggjande pasientar får besøk igjen. Samstundes ber vi om forståing for at vi framleis må ha restriksjonar for å hindre at verken pasientar, tilsette eller besøkande blir smitta eller kan smitte andre i våre lokale. Dei besøkande ta kontakt med aktuell avdeling for å planlegge besøket, og vi vil stille spørsmål til alle besøkande for å vurdere om dei er ein smitterisiko. Dette gjer vi for å sørge for at det framleis er trygt å kome til sjukehuset. Dersom smittepresset aukar, kan vi måtte innføre strengare restriksjonar igjen, seier Marta Ebbing, fagdirektør i Helse Bergen.


Reglar for besøk på sjukehuset

• Dersom du er i heimekarantene, ventar på prøvesvar mtp. covid-19-smitte eller har symptom på akutt luftvegsinfeksjon, skal du ikkje kome på besøk 
• Avtal besøket med aktuell avdeling
• Avtalte besøk bør om mogleg gjennomførast i sjukehuset si gjeldande visittid
• Besøkande skal utføre handhygiene når dei kjem til sjukehuset, også ved besøk utandørs
• Besøkande bør gå direkte til og frå pasientrommet. Dersom pasienten ikkje ligg på einerom, kan besøk tilretteleggjast i besøksrom e.l.
• Besøkande skal halde avstand (minst 1 meter) til tilsette og andre pasientar enn den dei besøker, og til andre pasientar sine besøkande
• Besøkande bør som hovudregel også halde avstand (minst 1 meter) til den dei besøker, unntak er mellom husstandsmedlemmer
• Besøkande skal ikkje ta med mat eller nytte kjøken i sjukehuset
• Pasienten skal utføre handhygiene når dei besøkande forlét rommet
• Besøkande skal utføre handhygiene når dei forlét sjukehuset
• Besøkande som får symptomer på covid-19 med påfølgande prøvetaking, skal opplyse at dei har vore på besøk i sjukehuset som del av smittesporinga

Kor mange som kan vere på besøk samtidig, og kor lenge eit besøk kan vare, vil variere frå pasient til pasient og avdeling til avdeling. Det avheng mellom anna av om pasienten har einerom eller ikkje.

Vi vil spesielt leggje til rette for besøk til dei som er kritisk sjuke eller døyande, pasientar med langvarige opphald, når pasient eller pårørande er barn eller for ein partnar i samband med fødsel og barseltid.