Bergensklinikken blir ein del av Helse Bergen

I eit ekstraordinært styremøte tysdag 1. oktober vedtok styret i Helse Bergen å inngå avtale med Stiftelsen Bergensklinikkene om overdraging av verksemd og aksjar.

- Vi er glade for at styret sa ja til overdraging av verksemda, seier administrerande direktør Eivind Hansen.

- Dette gir oss moglegheita til å sikre tilbodet innan rusbehandling i vårt opptaksområde, noko vi meiner er både viktig og riktig. Ved ei integrering av Bergensklinikken i Helse Bergen kan vi sikre tilbodet til ei sårbar pasientgruppe, og vi kan òg ta vare på eit fagmiljø som er bygd opp over lang tid.  Vi vil rigge oss godt for å ta vare på pasientane og fagmiljøa i både Bergensklinikken og Helse Bergen.

Administrerande direktør Eivind Hansen i Helse Bergen og Administrerande direktør Ole Hope i Bergensklinikken.

Administrerande direktør Eivind Hansen i Helse Bergen og Administrerande direktør Ole Hope i Bergensklinikken.

Ifølgje Hansen vil integrering på sikt kunne gje faglege synergiar med betre pasientløp og ei større grad av felles fagleg strategisk tenking i heile opptaksområdet, inkludert fagleg integrasjon mellom psykisk helse og rus. Ein integrasjon av Bergensklinikken vil ikkje påverke budsjetta til Helse Bergens klinikkar og einingar i 2019 og 2020.

- Over tid trur vi det vil vere mogleg for Helse Bergen å ta ut synergiar som gjer at vi kan drive innanfor dei tilgjengelege økonomiske rammene, seier Hansen.
 
Det er sett ned ei arbeidsgruppe som skal styre integrasjonsprosessen framover. Arbeidet blir leia av viseadministrerande direktør Randi-Luise Møgster. Dei siste vekene har det blitt jobba kontinuerleg for å få ein komplett oversikt over pasienttilbod, kompetanse, fagmiljø og økonomi i Bergensklinikken.

- Vi vil leggje til rette for gode prosessar for integrering mellom dei to fagmiljøa og felles utvikling av tenestetilbodet. Dette både vil og bør ta noko tid, for sikre god involvering av tilsette, tillitsvalde og verneteneste, seier Møgster.

I desember 2019 kjem rapporten knytt til Fagleg integrasjon av Avdeling for rusmedisin og Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Tilrådingar i denne rapporten vil bli tatt omsyn til i den vidare utviklinga av det totale tenestetilbodet innan rus- og avhengigheitsmedisin i Helse Bergen sitt opptaksområde.