Barneklinikken har flytta

Barneklinikken flytta måndag 5. september inn i eit nytt bygg på Haukelandsområdet, kalla Marie Joys’ hus. Frå då av endra Barneklinikken namn til «Barne- og ungdomsklinikken».

 

​Dette skjer i samband med byggetrinn 2 av det nye Barne- og ungdomssjukehuset (BUS), og rivinga av bygget som i dag husar Barneklinikken. På denne måten kan ein skjerme dei aller yngste pasientane for byggeprosessen i BUS. Barne- og ungdomsklinikken blir verande i Marie Joys’ hus fram til BUS står ferdig ved årsskiftet 2022/23.

Marie Joys’ hus inneheld:

• Barne- og ungdomsklinikken (BUK)
• Radiologi- og laboratorium for barn og ungdom


Marie Joys’ hus finn du på sørsida av Sentralblokka:

 

Frammøte for pasientar

Pasientar som skal til Barne- og ungdomsklinikken skal registrere seg i resepsjonen ved hovudinngangen (vendt mot Ulriken) i etasje 1.


Pasientar som skal til radiologi, registrerer seg i ekspedisjonen i etasje 01 (underetasjen).


 

Pasientar som skal til laboratoriet kan trekke kølapp enten ved resepsjonen i etasje 1 eller ved ekspedisjonen i etasje 01 (underetasjen), og vente på tur. Sidan ventearealet i etasje 01 (underetasjen) har avgrensa plass, kan pasientar gjerne nytte ventearealet ved resepsjonen i etasje 1.

 

Barne- og ungdomsklinikken er også andre stader:


Poliklinikk for Hjarte, Lunge, Hjarte-lunge-testlab blir verande i det gamle bygget til Barneklinikken fram til innflytting i trinn 1 av det nye Barne- og ungdomssjukehuset.

Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU) blir verande i Gamle hovudbygg fram til innflytting i trinn 1 av det nye Barne- og ungdomssjukehuset.

Legar, leiargruppa, kontorpersonell (sentralbord og inntakskontor) er lokalisert i etasje 01 og etasje 1 i Jørgen Sandbergs hus (administrasjonsbygget).

 

Fullstendig oversikt over kven som er kor: