Barne- og ungdomssjukehuset offisielt opna

- Gratulerer med ein ny milepæl for helsa til dei yngste blant oss. Gratulerer med første byggetrinn av det nye Barne- og ungdomssjukehuset. Gratulerer med dagen.

Erna Solberg
 

​Med desse orda helsa statsminister Erna Solberg dei 300 frammøtte i idrettshallen på den offisielle opninga av første byggetrinn av Barne- og ungdomssjukehuset.

Synet på sjukdom har endra seg
I sin tale peika statsministeren mellom anna på at synet på sjukdom har endra seg.

- Før trudde ein at sjuke barn og unge blei friske av å kvile. I dag veit vi betre. Vi veit at fysisk aktivitet gjer det lettare å meistre både fysiske og psykiske helseplager. Vi veit at leik og moro i fellesskap med andre er svært viktig. Derfor er eg veldig glad for nyvinninga Energisenteret for barn og unge. Energisenteret legg til rette for at barn og unge kan vere meir aktive, sa Solberg.

Barn og ungdom
Det var «barn og ungdom» som var temaet for opningsarrangementet. Ørnekoret frå Vognstølen barnehage underheldt med song, og ei gruppe med ungdommar frå Absence Danseskole frå Vikinghallen dansa og bidrog med god energi. Elles framførte gitarist Bjarte Aasmul og pianist Dag Øyvind Rebnord to flotte musikalske innslag, medan bilete frå Haukeland og Barne- og ungdomssjukehuset rulla over lerretet i idrettshallen.

Takka alle medarbeidarar på Haukeland
Administrerande direktør Eivind Hansen var konferansier for anledninga, og nytta høve til å takke statsminister Erna Solberg for at ho tok turen heim til Bergen og Haukeland. Han takka også alle som har stått på og lagt ned ein formidabel innsats for å få første byggetrinn opp og stå. Sist, men ikkje minst retta, retta han ei stor takk til alle medarbeidarar på Haukeland.

- Det har blitt eit fantastisk bygg. Det er likevel ein gong slik at tilliten til våre tenester ikkje først og fremst handlar om flotte bygg. Det handlar aller mest om kompetansen hos våre medarbeidarar, og ikkje minst korleis vi møter og behandlar folk på i bygga. Derfor synes eg det er heilt på sin plass å hylle alle våre medarbeidar på Haukeland, for den innsatsen som de legg ned for pasientar og pårørande dag ut og dag inn.

Sjå video frå det nye sjukehuset:

 

Bli med inn i det nye Barne- og ungdomssjukehuset from Haukeland University Hospital on Vimeo.



Helsa på vegne av Ungdomsrådet.
- Vi har alle vore i kontakt med Haukeland over lengre tid, både som pasient og pårørande. Denne kunnskapen har vi som barn og ungdom tatt med oss inn i Ungdomsrådet, for å gjere Haukeland til eit betre sjukehus, sa Benedikte Holmefjord frå Ungdomsrådet.

Holmefjord påpeika elles kor viktig det er å framleis få vere litt barn og ungdom, sjølv om ein er innlagt på sjukehus.

På talarlista elles stod styreleiar i Helse Bergen, Svein Gjedrem, administrerande direktør i Helse Vest, Herlof Nilssen, prosjektleiar for første trinn av Barne- og ungdomssjukehuset, Lars-Petter Smidt, og ordførar i Bergen, Marte Mjøs Pedersen.

Den tradisjonelle raude snora var erstatta av tre gass-ballongar som statsministeren med god hjelp frå Bendikte Holmefjord og Siri Larsen (medarbeidar ved Klinikk psykisk helsevern for barn og unge) sendte til vers i idrettshallen. Og med det var første byggetrinn av Barne- og ungdomssjukehuset opna.

Her kan du lese meir om Barne- og ungdomssjukehuset