Avlyste og utsatte avtaler grunna korona

Grunna korona-pandemien er over 30.000 planlagde operasjoner, behandlingar og polikliniske avtalar avlyst eller utsett i Helse Bergen. Reduksjonen av planlagt aktivitet er gjort for å kunne prioritere dei sjukaste og for å ta imot og behandle koronasmitta pasientar på ein god måte.

​Tala gjeld for veke 10-13. I mars har vi redusert aktiviteten med om lag 30 prosent samanlikna med den planlagde aktiviteten ved sjukehuset. Dei to siste vekene av månaden er aktiviteten redusert med over 40 prosent. Dette har skjedd når det er medisinsk forsvarleg, og etter vanlege prioriteringskriterier.

Sjå utlisting av tala nederst i saka

- Det var nødvendig å redusere planlagt aktivitet for å kunne førebu oss til å ta i mot covid-19-pasientar og samstundes behandle dei som treng sjukehuset mest. Vi har møtt stor forståing for at planlage timar har blitt utsett der det er medisinsk forsvarleg. Samstundes er vi opptatt av å ivareta dei av våre pasientar som har fått utsett oppfølginga frå oss. Kvar dag jobbar vi med å vurdere utsette timer for å sikre nødvendig helsehjelp til dei som har blitt ramma. Over påske vil vi vurdere å starte opp igjen meir av den planlagte aktiviteten vår dersom det er mogeleg, seier Eivind Hansen, administrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus.

Tala inkluderer også dei timane som har blitt avlyst av pasientane sjølve.

- For mange pasientar er dette krevjande dagar, og vi veit at mange har vore redde for å bli smitta eller for å belaste helsetenesta unødig. Difor har pasientane sjølv avlyst konsultasjonar. Vi oppmodar våre pasientar om å komme når dei har time på sjukehuset. Så veit vi at dette er ein situasjon der mange kan føle seg utrygge. Dersom pasientar er urolege eller opplever forverring i tilstand er det viktig at dei tek kontakt med si sjukehusavdeling, seier Hansen.

Møter pasientar over telefon og video

I mars har Helse Bergen hatt ei svært stor auke i talet på telefonkonsultasjonar og –samtaler med pasientane. Innan somatikk gjekk vi frå 381 registrerte telefonkonsultasjonar/samtalar i veke 10 til 2129 i veke 13. Innan psykisk helsevern og rusomsorg hadde vi ein auke frå 695 konsultasjonar/samtalar til 3227 i same periode.

- Ved å nytte oss av telefonkonsultasjonar klarar vi å følge opp mange pasientar sjølv om dei ikkje kan møte fysisk. Denne veka lanserte vi også moglegheit til å gjennomføre videokonsultasjoner via helsenorge.no. Vi har delt ut over 500 virtuelle møterom til enkeltbehandlarar, og opplever ei svært stor interesse for å ta dette i bruk frå våre tilsette. Dette veit vi vil kome mange av våre pasientar til nytte i tida vi står overfor, seier Hansen.

Omfattande omstilling

Det har vært gjort eit omfattande arbeid for å gjere oss klare til å ta imot smitta pasientar.

- Over 8000 tilsette har deltatt på dei omlag 20.000 kursa som har blitt gjennomført for å førebu oss på korona-pandemien. Svært mange har også vore involvert i det omfattande arbeidet for å gjere oss klare til å ta imot dei pasientane som no kjem, seier Hansen.

Situasjonen knytta til korona-pandemien utforder heile helsevesenet.

- Vi har foreløpig ikkje full oversikt over dei økonomiske konsekvensane. Fokus til no har vært å handtere situasjonen knytta til pandemien på best mogeleg vis, men vi har begynt å sjå på tala, avsluttar Hansen.

Tall avlyste og utsatte kontaktar

Veke 10​​Veke 11​Veke 12​Veke 13
Psykisk helsevern og rus - døgn ​​3​1​6​3
​Psyskisk helsevern og rus - dag ​15​17​22​20
​Psyskisk helsevern og rus - poliklinikk​1580​2114​3102​2173
​Somatikk døgn ​81​112​270​243
​Somatikk dag ​151​245​459​495
​Somatikk poliklinikk​27663574​6914​6421
​SUM​4596​6063​10773​9355

 Illustrasjon over planlagte og avlyste avtalar

avlyste avtalar mars 2020. illustrasjon

Avlyste operasjonar

​Uke 10​Uke 11​Uke 12​Uke 13​Sum
​Sum avlyste operasjonar​84​169​398​372​1023
​Andel avlyste av totalt planlagte​8%​15%​41%​41%​25%

Utførte operasjonar

​Uke 10​Uke 11​Uke 12​Uke 13​Sum
​Sum utførte operasjonar​999​942​582​542​3065

Konsultasjonar og samtaler over telefon og video

​Veke 10​Veke 11​Veke 12 ​Veke 13
Telefonkonsultasjonar og -samtalar​​1076​1737​4965​5356
​Videokonsultasjonar ​5​24​80​155

Illustrasjon over samtalar og konsultasjonar over telefon og video

tall mars telefon og video-illutsrasjon