Avdeling for rusmedisin 10 år

Ved oppstart i 2009 var dei fire tilsette. I dag tel dei 8 seksjonar og rundt 380 tilsette, og har blitt eit knutepunkt i rusbehandlinga i Bergen.

 

Det sa viseadministrerande direktør Randi-Luise Møgster då ho ønskte velkommen til 10-årsfeiring på Scandic Bergen City 25. januar. 

Viseadministrerande direktør Randi-Luise Møgster.

Viseadministrerande direktør Randi-Luise Møgster

- Gratulerer med dagen til alle dei dyktige og engasjerte medarbeidarane som har stått på for avdelinga og faget sin viktigheit og posisjon – de har stått på for ei gruppe brukarar som treng å bli sett i arbeidet med pasientens helsetenester og likeverdig tilgang til desse, understreka Møgster.

Gerd Blomhoff og Aase Turid Frammarsvik Eide var konferansierar.

Gerd Blomhoff og Aase Turid Frammarsvik Eide var konferansierar. I bakgrunnen riggar Fliflet/Hamre seg til for musikalsk underhaldning.

Avdeling for rusmedisin tilbyr i dag både avrusing, stabilisering, poliklinikk, døgnbehandling for både kvinner og menn, familieambulatorium, LAR-behandling og ambulante tenester. I tillegg har avdelinga ein eigen forskingsseksjon, og dei har etablert Bergen Addiction Research Group.  Satsinga på brukarmedverknad står også sterkt. Avdelinga har både erfaringspanel og erfaringskonsulentar.

Avdeling for rusmedisin sine seksjonar, representert ved tidlegare, noverande og komande leiarar.

Avdeling for rusmedisin sine seksjonar, representert ved tidlegare, noverande og komande leiarar.

Også avdelingsdirektør Else-Marie Løberg framheva forsking og brukarmedverknad i si helsing på festdagen, som del av avdelinga si strategiske satsing og fokusområde. Saman med sømlause pasientforløp, traumebehandling, psykososial behandling, overgang frå fengsel og nettverks- og pårørandejobbing.

På 60 minutt losa Marianne Fjæreide og Iris Fleten gjestane trygt og humoristisk gjennom AFR si historie.

På 60 minutt losa Marianne Fjæreide og Iris Fleten gjestane trygt og humoristisk gjennom AFR si historie.

Sjølv om historiske tilbakeblikk og dagens situasjon var ein viktig del av programmet under jubileumsmarkeringa, var blikket først og fremst retta framover. Else-Marie Løberg presenterte følgjande liste for kva som skal vere på plass i AFR i 2029:

1. Tidleg(are) hjelp
2. Heilskapleg behandling
>Psykisk helse
>Somatisk helse
3. Underbehandla grupper
4. Dialog, kommunikasjon og stigma
5. Gjennomgåande forløp
6. Forsking
7. Prioritering og (vs?) recovery
8. Hjartesukk: Fagfeltet burde ha ei sterkare stemme

Sist men ikkje minst, understreka Løberg kva som er AFR sin største ressurs:
- Alle endringar; gründerverksemd, organisering, pilotprosjekt - ikkje noko av dette er verdt noko utan det som kjenneteiknar alle i AFR: det unike menneskelege møtet mellom engasjerte og ekte medarbeidarar og menneske som opplever seg sett og får håp.