Auke i luftvegsinfeksjonar hos barn og unge

Barne- og ungdomsklinikken på Haukeland opplever for tida auka pågang av luftvegssjuke barn, i tillegg får dei mange spørsmål frå bekymra foreldre. Her er nokre fakta om luftvegsvirus og luftvegssjuke barn. 

Overlege John Espen Gjøen
Overlege John Espen Gjøen
- Vi opplever at det no er ei auka frykt hos foreldre for RS-viruset. Det er viktig å presisere at det ikkje er noko som tyder på at RS-viruset, eller andre vanlege luftvegsvirus, er farlegare no enn før, seier overlege John Espen Gjøen ved Barne- og ungdomsklinikken på Haukeland.​

-  Samtidig er det viktig å hugse på det mest sentrale vi har lært i pandemien når det gjeld smittevern – vaske/sprite hendene godt og halde oss vekke frå andre enn næraste pårørande når vi er luftvegssjuke, og slik bidra til å avgrense omfanget av luftvegsvirus-sesongen som vi no er inne i.

Les også denne saka i BT: Uvanlig mange småbarn havner på sykehus

Overlege John Espen Gjøen i BT for nokre veker sidan.

Overlege John Espen Gjøen i BT for nokre veker sidan (faksimile).


Bronkiolitt

I følgje Gjøen får dei fleste barn kun ei vanleg forkjøling når vi no ser ein auka førekomst av RS-virus og andre forkjølingsvirus. Ein liten del av desse får bronkiolitt. Dette er ein virusinfeksjon som ofte startar som ei vanleg forkjøling, men som hos små barn kan forårsake betennelse i dei små luftrøyra i lungene – bronkiolane  – derav bronkiolitt. Hos eldre barn med alvorlege grunnsjukdommar, kan viruset også forårsake lungebetennelse.   

Syk baby med termometer. Illutsrasjonsfoto: Colourbox

Illustrasjonsfoto: colourbox

Dei aller fleste som får bronkiolitt, treng ikkje innlegging. Dei blir forkjøla, det pip litt i pusten og dei pustar litt raskare enn vanleg, men dei aller fleste kan vere heime, ved å skylle nasen godt, gi paracet og ev. ibuprofen som lindrar plagene, og tilby godt med drikke. 

Hos nokon kan tilstanden forverre seg, og dei kan få behov for innlegging i sjukehus. Dette skjer typisk frå dag 3-6 i forløpet. 


Ein skal vere obs og oppsøke lege særleg ved: 

Blåfarge på hud/lepper
Pustevanskar med rask pust (> 60 min) og tydelege inndragningar (ein ser tydeleg at magen jobbar og at det vert søkk mellom ribbebeina)
Pustevanskar som tydeleg går utover evna til å drikke, ete eller bevege seg
Svært uroleg/kavete barn som ikkje finn ro hjå foreldre
Barn < 3 mnd: Korte pustestans 

Dersom barnet blir lagt inn, treng dei aller fleste ikkje meir hjelp enn ernæring og eventuelt oksygen. Ein liten del treng litt trykkluft på nasen (ein CPAP), og i uhyre sjeldne tilfelle respiratorbehandling. Det går likevel bra med barna, og dei blir friske etterpå. Det er ikkje uvanleg at ein hostar i fleire veker etter ein bronkiolitt.  

Kven blir sjuke?

I all hovudsak er det barn under 2 år som blir sjuke. Dei aller fleste av desse får også berre ei vanleg forkjøling. Barn under tre månader, særleg dersom dei er født prematurt,  og barn med symptomgivande hjarte, lunge – og nevrologisk sjukdom, kan få eit meir alvorleg forløp. 

​RS-virus

Det er mange forkjølingsvirus som gir bronkiolitt, herunder RS-virus, som er eit veldig vanleg virus. Vanlegvis vil dei aller fleste barn ha blitt smitta med dette viruset innan 2 års alder. 

- Vi har no hatt pandemi i nesten to år, og på grunn av dei strenge smitteverntiltaka har RS-virus og fleire andre vanlege virus vore så godt som forsvunne. Alt tyder på at vi i år derfor får eit tydeleg større tal barn som blir luftvegssjuke no etter at samfunnet har opna opp, då vi har ei stor gruppe av barn under to år som aldri har møtt på desse vanlege virusa, forklarer Gjøen.

- I tillegg er det lågare immunitet for desse virusa i befolkninga generelt, slik at større barn og vaksne i større grad vil kunne bidra til å spreie smitte. Vi veit ikkje kor mange som blir sjuke, men erfaring frå land over heile verda viser at langt fleire barn enn vanleg vil bli sjuke med luftvegsinfeksjon.  

Mange er bekymra

Barne- og ungdomsklinikken opplever at mange foreldre no verkar å vere mykje meir bekymra for særleg RS-viruset enn tidlegare. 

- Det å ha RS-viruset i skule, barnehage eller t.o.m. i familien, bør ikkje by på meir bekymring no enn kva det har gjort før, seier Gjøen, og gjentek at  det  ikkje er noko som tyder på at viruset er farlegare no enn tidlegare.

- RS-viruset er eit virus som vi kjenner godt og som vanlegvis dukkar opp kvart år. Ein kan bli akkurat like sjuk av andre vanlege luftvegsvirus, men vanlegvis blir ikkje barna så sjuke. Det som er viktig, er å kjenne til teikna på meir alvorleg forløp (sjå lenger oppe på sida), og oppsøke lege same dag dersom slike skulle dukke opp.  

Barne- og ungdomsklinikken, og barneavdelingar i landet generelt, har sidan sommaren førebudd seg på ein stor sesong med luftvegsinfeksjonar, blant anna ved å forsøke å sikre nok utstyr og trening av personell. 

- Vi ser likevel at det er ei utfordring å sikre nok utstyr slik situasjonen er no.  Samstundes er vi  vande med sesongvariasjon, og vi har kompetansen som trengs for å handtere luftvegssjuke barn, forsikrar Gjøen.


Alle kan bidra til mindre smitte   

I følge Gjøen kan alle bidra til å hindre at mange blir sjuke. Dette er nokre av måtane kvar enkelt kan bidra:

Ikkje besøke venner og familie som er luftvegssjuke
Vente med å gå på jobb eller oppsøke større folkemasser til ein opplever klar betring når ein har ein pågåande luftvegsinfeksjon
Vise god hoste- og handhygiene
Ikkje sende barn som er opplagt sjuke i barnehage eller skule
Halde spedbarn unna store folkemasser til vi ser at luftvegsvirusa avtar

Barn i barnehage- og barneskulealder med rennande nase som einaste symptom, men elles er i god allmenntilstand, treng ikkje haldast heime eller testast. 
Dersom barnet vaknar med feber eller er i nedsett form, må barnet vere heime. Testing for covid-19 må vurderast. Om born skal testast, vil m.a. vere avhengig av den gjeldande førekomsten av covid-19 til ei kvar tid. Når allmenntilstanden er god, symptoma avtakande og barnet har vore feberfri i minst 1 døgn, kan barnet gå på skulen eller i barnehage. 

Ved milde luftvegssymptom utan feber og hoste, kan foreldre sjå an tilstanden heime i ein til to dagar. Dersom barnets tilstand ikkje blir betre, kan ein vurdere å teste barnet. Ved tydeleg betring kan barnet gå tilbake til barnehage/skule.​