Aukar innsatsen mot dei mest alvorlege pasientskadane

13,7 prosent av pasientar ved norske sjukehus opplevde minst éin pasientskade i fjor. Nå aukar Helsedirektoratet innsatsen inn mot dei mest alvorlege pasientskadane. 

Alle sjukehusa i Helse Vest har hatt ein nedgang i talet på pasientskadar frå 2014 til 2015. Nye tal viser at om lag 13 prosent av pasientane ved Haukeland universitetssjukehus og Helse Bergen opplevde minst éin pasientskade i løpet av fjoråret.


Dei fleste skadane er knytte til legemiddelbruk, urinveisinfeksjonar og postoperative sårinfeksjonar.

- Dei nye tala viser at Haukeland ligg under landsgjennomsnittet for pasientskadar, men kvar pasientskade er ein for mykje, og sjukehuset jobbar breitt og godt for å betre pasienttryggleiken. Måling av resultat er viktig, og det er innført kvalitetsindikatorar for dei forbetringstiltaka vi har iverksett. Desse blir brukte til kontinuerleg forbetringsarbeid i sjukehuset og blir rapportert på på same måte som for eksempel sjukefråvær og økonomi, seier Stig Harthug, leiar seksjon for pasientsikkerhet ved Haukeland universitetssjukehus.

– På alle nivå i helsetenesta må vi sette inn ekstra ressursar mot dei alvorlegaste skadane. Derfor er vi i gang med å teste tiltak som skal gjere det mogleg å raskare oppdage forverra tilstand hos pasientar og å oppdage og behandle blodforgifting (sepsis) tidlegare. Planen er å spreie desse tiltaka til alle helseforetak i året som kjem, seier helsedirektør Bjørn Guldvog.

Du kan lese meir på nettsidene til Helsedirektoratet