Auka gebyr for ikkje å møte til poliklinisk time

Frå 01.01.2020 auka gebyret for ikkje å møte til avtalt poliklinisk time frå 702 kroner til 1053 kroner.

​Endringa kjem som eit tiltak for å få fleire pasientar til å møta opp til timen sin.

- Når pasientar ikkje møter til avtalt time på sjukehuset, betyr det lengre ventetid for andre, auka kostnader og dårlegare utnytting av helsepersonellet, seier helseminister Bent Høie.

Dei siste åra er det gjort fleire tiltak for å få pasientar til å møte til avtalt time ved poliklinikkane på sjukehusa. Mellom anna har det vorte enklare for pasientane å endra timeavtalen, i tillegg til at dei får ei påminning på SMS.

Gebyret blir berre auka for somatisk pasientbehandling, og ikkje for pasientar innan psykisk helsevern og rusbehandling.