AstraZeneca-vaksinen: Status

Norske helsemyndigheiter vil bruke meir tid på å granske samanhengen mellom AstraZeneca og blodpropp/blødningtilstand. Her er status. 

AstraZenecavaksinerte får innkalling til dose to fra uke 19 (30.04.21)

Uke 19, 20 og 21 vil det bli sendt sms til alle AstraZeneca-vaksinerte med tilbud om dose to med Pfizer-vaksinen. 

AstraZeneca-vaksinerte får tilbud om mRNA-vaksine som dose 2 (23.04.21)

Regjeringen har fulgt Folkehelseinstituttets anbefaling om at alle som har fått første dose med AstraZeneca-vaksinen får tilbud om en mRNA-vaksine som dose 2. 

Ansatte får tilbud om annen vaksine (22.04.21)

Alle som har fått én dose med AstraZeneca-vaksinen, vil få tilbud om videre vaksinasjon med en annen vaksine. Det er foreløpig ikke fattet en beslutning om hvilken vaksine som skal gis. Det er Folkehelseinstituttet som vurderer dette. Det er forventet at en nasjonal anbefaling om hvilken vaksine som skal gis vil foreligge innen midten av mai.

Du trenger derfor ikke å takke ja til tilbudet om vaksinering i kommunen din – dersom du får henvendelse om det.

Mer informasjon vil bli gitt så fort dette foreligger fra helsemyndighetene. 

Regjeringa vil vente med AstraZeneca (15.04.21)

Norske helsemyndigheiter vil bruke meir tid på å granske samanhengen mellom vaksinen og blodpropp/blødningtilstand.

FHI forlenger pausen med AstraZeneca (26.03.21)

FHI seier dei vil fortsette å granske ein mogleg samanheng mellom AstraZeneca og blodpropp/blødningtilstand. Difor vert pausen forlenga i tre veker.

Meldinger om biverknader av vaksine (22.03.21)

Tilsette i Helse Bergen vart i førre veke oppmoda om å melde frå om biverknader av covid-19 vaksinane til bedriftshelsetenesta (BHT). 

BHT har fått 286 meldingar om biverknader frå tilsette som har vorte vaksinerte i Helse Bergen. 75 av dei er meldt vidare til Statens legemiddelverk. I tillegg til meldingar om kraftigare og meir langvarige vanlege biverknader, har BHT fått rapportert om fleire tilsette som har symptom som kan indikere auka blødingtendens (naseblødingar og unormale blåmerker) i vekene etter vaksinering. Mange har fått sjekka blodplatane sine hos fastlege og vi har ikkje fått tilbakemelding om at nokon har hatt for lave verdiar.

Folkehelseinstituttet kjem med sin konklusjon om vidare bruk av AstraZeneca-vaksina fredag den 26. mars.

Pasient med blodpropp i lungene er utskriven (17.03.21)

Ein pasient som har fått AstraZeneca-vaksinen og som vart innlagd på Haukeland universitetssjukehus med påvist blodpropp i lungene (15.03) er no utskriven. 

Ein pasient innlagd med blodpropp på Haukeland (15.03.21) 

Måndag 15. 03 vart ein pasient som har fått AstraZeneca-vaksinen innlagd på Haukeland universitetssjukehus med påvist blodpropp i lungene.

– Pasienten fekk vaksinen for nokre veker sidan. Personen er ikkje tilsett i Helse Bergen, seier fagdirektør Marta Ebbing.

Sjukehuset kan med omsyn til teieplikta ikkje seie noko meir om tilstanden til pasienten.

For meir informasjon, kontakt Marta Ebbing, 901 53 890

Ingen innlagde med vaksine-biverkander no (15.03) 

Ein tilsett har vore innlagt på Haukeland universitetssjukehus med symptom som kan ha samanheng med AstraZeneca-vaksinen, men er no utskriven.
- Den tilsette er i betring og utskriven frå sjukehuset, seier fagdirektør Marta Ebbing.

Fire pasientar avklart  

Sjukehuset har gjennom helga tatt imot fire pasientar for avklaring med spørsmål om blodplatemangel eller blodpropp etter vaksinering med AstraZeneca-vaksinen.
 
-  Alle vart raskt greia ut, og er skrivne ut frå sjukehuset, seier Ebbing. 

Sterkare og meir langvarige biverknader 

Til saman 3246 tilsette er vaksinert med AstraZeneca på Haukeland til no. Det er ikkje registrert nokre alvorlige biverknader i samband med sjølve vaksineringa, men nokre tilsette har vore uvel. Ein tilsett fekk skjelvetokter og vart observert en times tid. 

- Vi har hatt mange tilfelle av tilsette som rapporterer at dei har merka sterkare og meir  langvarige biverknader enn det ein vanlegvis opplever ved vaksinering. Dei fortel mellom anna om hovudverk, feber, frostrier og  muskelsmerter, seier Ebbing. 

Ein del tilsette har tatt eigenmelding på grunn av dette, og nokre få har blitt sjukemeldt av fastlege og har hatt lengre fråvær.


Har du nyleg fått AstraZeneca-vaksinen og føler deg dårlig?

«Legemiddelverket og Folkehelseinstituttet (FHI) ber personer under 50 år som har fått AstraZeneca vaksinen og opplever kraftig økende sykdomsfølelse mer enn tre dager etter vaksinasjon og ser større eller mindre blå flekker i huden (hudblødninger) må oppsøke fastlege eller legevakt så snart som mulig.» 

Legemiddelverket og Folkehelseinstituttet (FHI) har laga ei oversikt over kva som er vanlege biverknader etter AstraZeneca-vaksinasjon, og kva vaksinerte bør være merksame på. 

Helse Bergen har i tråd med nasjonale føringar satt vaksineringa på pause inntil vidare. 

- Vi har eit godt system i Norge for å følge med på uvanlege/alvorlege biverknader av vaksiner gjennom melde.no  til Folkehelseinstituttet og Legemiddelverket. Opplysningane som er meldt inn blir vurdert av desse to etatane, som og samarbeider med andre land for best mogeleg kunnskap om vaksine i befolkninga, seier Marta Ebbing.

Informasjon for tilsette: Slik melder du frå om biverknadar etter vaksine

Ingen vaksinering med AstraZeneca før situasjonen er avklart

Det blir ikkje vaksinering med AstraZeneca i Helse Bergen før situasjonen er avklart. Alle som er tildelt time for vaksinering vil bli kontakta.