Årleg influensavaksinasjon gir auka beskyttelse over tid

Smittevernlege Per Espen Akselsen er influensavaksinert 20 år på rad. Ny forsking viser at det er eit smart jubileum å nå. 

Kristin Greve-Isdahl Mohn set årets influensavaksine på Per Espen Akselsen, som tar vaksinen for 20. år på rad. Saman med profes

Kristin Greve-Isdahl Mohn set årets influensavaksine på Per Espen Akselsen, som tar vaksinen for 20. år på rad. Saman med professor Rebecca Cox har Mohn forska på influensavaksinasjon blant Haukelandstilsette.


Professor Rebecca Cox og førsteamanuensis Kristin Greve-Isdahl Mohn ved Influensasenteret har følgt influensavaksinasjonen blant 250 haukelandstilsette i fire år, frå 2009 til 2013/2014. Dei har sett på utviklinga av beskyttande antistoff hos dei som tok influensavaksinen berre eitt år, og dei som tok den to, tre, fire og fem år. Også helsepersonell som ikkje vaksinerte seg var med i studien.

Graf som viser hvordan det blir mer av beskyttende antistoff når man tar vaksinen flere år.


- Resultata viser at det blir mindre av dei beskyttande antistoffa når ein berre tar vaksinen eitt år, og tilsvarande meir når ein gjer det kvart år, seier Cox, som er leiar av Influensasenteret og rådgivar ved Seksjon for pasientsikkerheit på Haukeland.


- Kroppen sitt forsvar mot infeksjon aukar når du tar vaksine mot sesonginfluensa årleg.
 


Studien viser også at 68 prosent av helsepersonellet som ikkje vaksinerte seg i løpet av dei fire åra, hadde ein influensainfeksjon i løpet av perioden.


- Dette er ein smitterisiko for pasientane, understrekar Mohn, som er seksjonsoverlege ved Mottaksklinikken.

- Verdas helseorganisasjon har helsearbeidarar og gravide øvst på prioriteringslista si over dei som bør få vaksinen. Vi tar ikkje influensavaksinen berre for oss sjølve, men for pasientane våre, kollegaene og dei heime.
Det er derfor veldig gledeleg at Haukeland i fjor nådde landets høgaste tal for vaksinasjonsdekning blant sine tilsette med 80 prosent, og at vi også i år ligg an til å slå det nasjonale målet om 75 prosent vaksinasjonsdekning.


Svært mange avdelingar på Haukeland har alt oppnådd ei vaksinasjonsdekning på over 75 prosent, og ei rekke avdelingar ligg rett under det nasjonale målet.

-Det er ein fantastisk innsats i sjukehuset, understrekar Merete Gjerde, spesialsjukepleiar og rådgivar ved Seksjon for pasientsikkerhet.

 
Influensavaksinen beskyttar mot fleire ulike influensavirus, dei siste åra har det vore tre. I år er talet auka til fire, og det vil bli standarden frå no av.


Influensavaksinen beskyttar ikkje mot andre virus og bakteriar som også kan gi influensaliknande symptom. Det tar 10-14 dagar frå vaksinen blir sett til du kan forvente effekt. Effekten av influensavaksinen varierer frå år til år, men ligg i gjennomsnitt på om lag 60 prosent.