Årets sjukepleiar jobbar på Haukeland

Inger- Karin Markussen på Kreft poliklinikk er tildelt Norsk sykepleierforbund Hordaland si utmerking Årets sjukepleiar.

Prisen blir tildelt medlemmer av Norsk sykepleierforbund «som fremmer en sykepleietjeneste i Florence Nightingales ånd, tilpasset det moderne samfunnet».

Det var fylkesleiar Mette Mikkelsen i NSF som stod for utdelinga av prisen, blomar og litografien  «Solstreif» av Anne Kristine Thorsby.
- Du har også vore eit solstreif gjennom dine 36 år på Kreftavdelinga, du har evna å gi alle nokre gløtt av sol oppi alt det alvorlege, sa Mikkelsen.

Årets sjukepleiar_2017 from Haukeland University Hospital on Vimeo.



Markussen vart nominert av kollegaer på Kreft poliklinikk, og vann fram blant mange gode kandidatar. Ho har gjennom mange år som sjukepleiar motivert og inspirert til utvikling av sjukepleiefaget på ein svært god måte, og er ein ressurs for avdelinga i alle situasjonar. Ifølgje nominasjonen vektlegg ho oppfølging av pasientar over tid, og har spesielt auge for pasientar og pårørande i vanskelege situasjonar. Ho jobbar også med opplæring og rettleiing av kollegaer, og er ein rollemodell i avdelinga med sin faglege tryggleik og si rolege åtferd.

Seksjonsleiar Tone Bruland Neteland understreka kor velfortent ho synest prisen er, kor stolt avdelinga er og kor glade dei er for å ha Inger-Karin som kollega.


- Sjukepleiepioneren Rikke Nissen var Noregs første lærar og forfattar i sjukepleiefaget, og ho skreiv i den første norske læreboka si i sjukepleie at ein ikkje skulle utdanne halve eller kvarte legar, men heile sjukepleiarar. Det er du, Inger-Karin.