Årets juleaksjon: Kast krykkene!

Kvart år har Personal- og organisasjonsavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus julelunsj med eit omfattande lotteri i forkant. Inntektene går alltid til eit ideelt formål.

Gruppebilde av tilsette ved Personal-og organisasjonsavdelinga, Haukeland
Dei tilsette ved Personal- og organisasjonsavdelinga på Haukeland håper på stor givarglede i årets juleaksjon.

I år går pengane til å sende ein container med utstyr frå Ortopedisk avdeling og Fysioterapiavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus (HUS) til Kamuzu Central Hospital (KCH) i Lilongwe, Malawi.

Les meir om Kamuzu Central Hospital

Haukeland Universitetssjukehus (HUS) har i snart 10 år samarbeidd med Kamuzu Central Hospital (KCH), som er eit offentleg sjukehus eigd av helseministeriet i Malawi. Det har 750 sengeplassar og er det nest største sjukehuset i landet. Sjukehuset er eit tivisingssjukehus for midtre region av Malawi, og dekker ein befolkning på om lag fem millionar menneske.

Treng praktisk utstyr og hjelpemidlar

Lite opplyste vegar, overfylte minibussar og høg fart fører til at svært mange blir hardt skadd i trafikkulykker i landet. Pga arbeid rundt open eld, er brannskadar også hyppig. I opptrening etter skade har sjukehuset eit stort underskot på praktisk utstyr og hjelpemidlar.

- Vi ønsker å samle inn brukt utstyr som krykker, rullestolar og gåstolar frå avdelingane, og frå tilsette og byens befolkning elles, seier Janne Kristiansen ved Personalavdelinga, primus motor for innsamlingsaksjonen. 

- Eg er sikker på at mange har både eitt og to par krykker ståande i kjellaren, så kvifor ikkje la dei kome skikkeleg til nytte, spør Kristiansen.

- Dette skal sjølvsagt vere pent brukte ting, ikkje noko skrap, og dette skal vi kvalitetssikre før vi sender det frå oss, supplerer Grete Marie Eilertsen frå Avdeling for internasjonalt samarbeid.


Blir sendt over nyttår

Innsamlinga skjer i samarbeid med Avdeling for internasjonalt samarbeid, som ordner lagerplass til utstyret som kjem inn og organiserer forsendinga over nyttår.


Onsdag 14. desember vart det sett opp to pallar med pallekarmar på parkeringsdekket i Sentralblokka utanfor det nye MR- tilbygget, der utstyret kan leverast fram til over nyttår.

Kristiansen oppfordrar sjukehusavdelingar og andre til å samle inn pengar til det store frimerket som trengs for å dekke forsendinga av utstyr til Malawi. Milde gåver kan setjast inn på kontonummer 5201.05.64611
og merkast Kast Krykkene!

Stort behov

Gustav Schäfer fra Fysioterapiavdelinga kom heim frå Malawi 25. november. Saman med kollega Annette Memelink Iversen jobba han på  KCH  i haust. Schäfer er ikkje i tvil om at utstyr frå HUS vil kome godt med på sjukehuset i Lilongwe.


- Utstyr som er nødvendig for fysioterapi er så å seie ikkje-eksisterande, fortel han.

Kombinert med mange ortopedi-pasientar er dette til tider svært frustrerande.

- For eksempel så er det fire rullestolar på heile sjukehuset, og dette er langt fra nok. For å bøte på mangelen hadde dei sett hjul på ein hagestol. Det hadde vore heilt gull om sjukehuset kunne fått nokon brukte men fullt brukande rullestolar.

Det samme gjeld krykker, spesielt til barn.
- På Kamuzu ligg Fysioterapiavdelinga i 2. etasje, slik at pårørande må bere pasientene dit for at dei skal få behandling. Dette er ikkje alltid mogleg, derfor skjer mykje av fysioterapien på pasientromma, fortel fysioterapeuten.

Leiker til barn med brannskadar

Ifølge Shäfer er unge pasientar med brannskadar ei anna gruppe som vil nyte godt av meir og betre utstyr. Desse pasientane er det også mange av.

- Mykje av jobben vår som fysioterapeutar i behandlinga av brannskadar, er å hjelpe pasientane med å få tilbake strekk og rørsle i huda, fortel han.

- For dei yngste pasientane er dette ofte lettast gjennom leik, så barneleiker som kan brukast i rørsleleik hadde også vore fint om dei fekk. Alt frå bilar til dukker, spel og ballar.
Kosedyr går ikkje pga. infeksjonsfare.

Få fysioterapeutar

Den første fysioterapiutdanninga i Malawi starta i 2010. Første kull på sju er nettopp kome i full jobb, tre av dei ved KHC. 2. kull var i turnus ved KHC då Schäfer og Iversen var der, og åtte studentar fekk dermed opplæring av fysioterapeutane frå Haukeland. 3. kull startar turnus 1. desember.

- Sjukehuset treng fysioterapeutar mens dei ventar på at fleire skal fullføre utdanninga si i Lilongwe, seier Schäfer.

-Fredskorpset står klare med nye midlar frå august 2017, men vi synest det er lenge å vente. No prøver vi å få til utsending av to nye fysioterapeutar her i frå som kan vere der til våren, slik vi var i haust.

Haukelands eigen ortoped, Sven Young, som for tida arbeider ved Kamuzu Central Hospital, melder også at utstyret er svært velkome, og at det vil kome vel til nytte.