Ambulant team styrker rusbehandlinga

Sidan mars i år har Avdeling for rusmedisin hatt Ambulant team. Teamet er eit tilbod til ruspasientar med utfordringar som gjer at dei ikkje klarer å tilpasse seg det ordinære behandlingssystemet.

 

Prosjektet hadde to hovudmålgrupper av pasientar då det starta.
Den eine gruppa var pasientar som er planlagt utskrive frå Psykiatrisk akuttmottak (PAM) eller Akuttposten, og som ikkje har etablert tilstrekkeleg og nødvendig oppfølging etterpå. 

Den andre gruppa var pasientar som alt er i LAR og som er tilknytt ein LAR - poliklinikk, men som på grunn av alvorleg åtferdsproblematikk og / eller alvorlege psykiske lidingar ikkje kan følgjast opp i dei ordinære LAR - poliklinikkane.

- Gruppa med alvorleg åtferdsproblematikk gjeld 16-17 pasientar som det ofte blir mykje støy rundt der dei er. Vi ser at støyen dempar seg etter at Ambulant team har gått inn, fortel teamleiar Gry Irmelin Dale.

Viktig bindeledd

Tidlegare har ikkje LAR-pasientane hatt nokon behandlar i Avdeling for rusmedisin dei kunne kontakte, men no har dei telefonnummeret til teamet.

- Med Ambulant team har både pasientane og samarbeidspartnarane fått ein instans å forhalde seg til. Det har vore ei viktig endring, seier Dale.

Også samarbeidet med Psykiatrisk akuttmottak fungerer godt.

-Dei kan ringe oss om det er nokon dei er bekymra for, opplyser Dale.
- Enten pasienten er på Sandviken, på hospits eller andre stader. Då prøver vi å rykke ut så fort som mogleg.

Ambulant team følgjer også opp pasientar som det er gjort tvangsvedtak på.

- Vi prøver å vere fleksible og tenke alternativt for å få god dialog med pasientane, understrekar Dale.
- I dette arbeidet har vi også eit godt samarbeid med erfaringskonsulentane i Drop out-teamet.

Tverrfagleg samansett

Ambulant team vart oppretta som eit prosjekt, men skal halde fram som permanent tilbod. Det er til ei kvar tid 40 pasientar inne i teamet, ventelista er lang og mange av sakene er krevjande. Ei arbeidsgruppe jobbar no for å finne ut i kva form teamet skal vidareførast.

- Vi ser for eksempel på om vi skal utvide tilbodet, og om vi skal ha andre målgrupper enn vi har i dag, fortel Dale.

Per i dag har Ambulant team fire årsverk fordelt på seks personar. Medarbeidarane kjem frå LAR poliklinikk og Floen poliklinikk, og er handplukka på bakgrunn av både lang erfaring og kompetanse. Her er både overlege, psykologspesialist, sjukepleiar, vernepleiar og sosionom.
Tverrfaglegheita i teamet er ein styrke, ikkje minst på grunn av samansettinga av pasientar.


Målet er at Ambulant team skal vere midlertidige.

- Om ikkje vi får pasientane inn til oss til kartlegging, tar vi psykologen eller overlegen med oss ut til pasientane, opplyser Dale.
-Vi spør oss alltid, korleis kan vi best hjelpe denne pasienten vidare? Skal han inn igjen i behandling, bli stabilisert på medisinar, eller anna?

Ambulant team held fram i dagens form til arbeidsgruppa har konkludert med kva organisering teamet skal ha framover.