Adgangskontroll på sjukehuset

Frå fredag 13. mars blir det innført adgangskontroll på haukelandområdet for å ivareta smittevern for pasientane. Under smittesituasjonen med koronaviruset må vi avgrense talet på besøkande til sjukehuset. Berre pasientar som treng følgje kan ha pårørande med inn på sjukehuset.
Dette kun etter avtale med avdelinga.

Barn/unge og fødande kan ha med seg éin pårørande.

Helse Bergen innfører nattestenging. Hovudinngangar blir haldne opne på dagtid og adgangskontroll blir gjennomført av vektere.  

Dette gjeld Kvinneklinikken, Sentralblokka, Parkbygget, Glasblokkane, Hudbygget, Marie Joys hus og Gamle hovudbygg. Det vil også gjelde Haukeland hotell.

Dette er eit tiltak som gjeld nasjonalt for alle helseinstitusjonar, ref Helsedirektoratet si tiltak for å hindre spredning av covid-19.

Dette gjeld også tilsette som er pårørande til ein pasient.

Vi orsakar eventuelle ulemper dette fører med seg, men ber om forståing og omtanke for våre andre pasientar.

Hugs god handhygiene!